Sotra neste motstandar

Laurdag spelar Hødd sin siste bortekamp for året når laget spelar borte mot Sotra!

Annonse:

Hødd

Det var knyta stor spenning til toppkampen mot Jerv i siste serierunde, der Hødd ville sikre opprykk til OBOS-ligaen med uavgjort eller siger. Utgangspunktet for Jerv var derfor at dei måtte vinne på Høddvoll for å utsette, og skape spenning i opprykkskampen inn mot dei to siste serierundene. 

Opprykksjubel etter kampen mot Jerv! Foto: Arne Flatin
Opprykksjubel etter kampen mot Jerv! Foto: Arne Flatin

Vi kan vel seie at dei 1 772 tilskodarane som var på kampen fekk eit spennande oppgjer og god valuta for pengane i denne kampen.

Til pause var stillinga 0-0, men først etter pause skulle det ta skikkeleg fyr i oppgjeret. Først ut var det Isak Gabriel Skotheim som satte inn 1-0 til stor jubel for alle på tribuna. Heilt på tampen av kampen vart det ekstra stor spenning når både Hødd og Jerv fekk straffespark. Ettersom ingen av laga makta å sette straffesparket sitt i mål kunne Hødd juble for opprykk til OBOS-ligaen 2025!

Godta informasjonskapsler for å se video

Sotra

Sotra er i dag på ein 8. plass og har fire poeng å gå på til Fløy-Flekkerøy som ligg under streken. Plassen i PostNord-ligaen er derfor ikkje heilt sikra, der laget har to tøffe kampar igjen mot Hødd heime og Lysekloster borte. Renate Blindheim sitt lag vil nok derfor gi alt for å sikre plassen til neste år i kampen mot Hødd laurdag. 

Når laga møtte kvarandre sist på Høddvoll var det Halvard Kvamme Urnes som sette inn vinnarmålet. Sjå høgdepunkta frå kampen her:

Godta informasjonskapsler for å se video

Bli med og støtt laget

Vi oppmoda alle som er i Bergensområdet om å ta turen til Straume Sotra stadion og støtte laget i årets siste bortekamp for året.

Er du i Ulsteinvik håper vi å sjå deg på Brygga Sportsbar!

Vi ønsker laget lukke til i kampen mot Sotra!

OBOS-ligaen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Haugesund Haugesund 28 20 2 6 81 47 34 62 V U V T V
2 Strømsgodset Strømsgodset 28 18 6 4 76 34 42 60 V V V V T
3 Kongsvinger Kongsvinger 28 18 5 5 82 45 37 59 V V T V T
4 Stabæk Stabæk 28 17 4 7 66 34 32 55 T U V V V
5 Odd Odd 28 13 6 9 54 43 11 45 V V V T T
6 Bryne Bryne 28 12 4 12 40 41 -1 40 V T U T U
7 Ranheim TF Ranheim TF 28 11 5 12 71 68 3 38 V T U V V
8 Hødd Hødd 28 11 5 12 49 56 -7 38 T T U V T
9 Strømmen Strømmen 28 10 6 12 49 59 -10 36
10 Egersund Egersund 28 9 8 11 45 56 -11 35 T V U U U
11 Lyn Lyn 28 9 4 15 42 59 -17 31 T T T V T
12 Sogndal Sogndal 28 8 6 14 47 61 -14 30 T T U V V
13 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 28 8 5 15 39 55 -16 29 U U T T V
14 Moss Moss 28 8 5 15 41 59 -18 29 T V U T T
15 Åsane Åsane 28 7 5 16 40 62 -22 25 T V T T V
16 Raufoss Raufoss 28 6 2 20 31 74 -43 20 T U T T T

Annonse fra Obos-ligaen: