Sondre Sandnes Beite har forlenga

20-åringen har signert ny kontrakt som knyttar han til Hødd ut 2018.

Annonse:

- Potensialet er stort. No handlar det om å jobbe knallhardt for å få det ut, slik at han får sitt endelige gjennombrot, seier ein nøgd sportssjef Andrè Nevstad.

Ungguten frå Skodje signerte fredag på ei ny og forlenga kontrakt med Hødd.

Sondre kom til Hødd foran 2014-sesongen, og står med 45 A-lagskampar (tre mål) i serie-, cup- og treningskampar for dei blåkvite.

I fjor spelte han i 16 kampar i OBOS-ligaen (ei scoring). Heile 13 av dei var imidlertid som innbyttar. I 3. divisjon med Hødd 2 scora han 10 mål på 14 kampar.

- Eg trives godt i Hødd, og har gjort det rette valet ved å ha forlenga med klubben. Det blir spennande to år vi har framfor oss. 

For meg no handlar det om å i endå større grad konsentrere meg 100% om fotballen. Eg skal trene hardt, og bli bedre kvar dag. Målet er å spele fast, bidra med scoringar, assistar og vere ein spelar å stole på, seier Sondre.

Annonse fra Obos-ligaen: