Sommarproff 2026
Hødd Fotball inviterer til sommarproff 12.- 14. august for dei ivrigaste i aldersgruppa 11-13 år. Møreakademiet
Ønskjer du eit innblikk i kvardagen til ein profesjonell fotballspelar? Då er dette tilbodet for deg.
Gjennom samlinga vil jenter og gutar få oppleve korleis ein arbeider målretta med utvikling i eit profesjonelt miljø. Dyktige trenarar og spennande gjester vil dele erfaringar og kunnskap frå toppfotballen, med fokus på kvalitet i både trening og oppfølging.
Tema gjennom veka vil mellom anna vere:
- Kosthald og restitusjon
- Styrketrening
- Ferdigheitstrening
- Rolletrening
- Korleis ta ansvar for eiga utvikling
I tillegg til daglege treningsøkter får deltakarane servert eit sunt måltid kvar dag.
Trenarar og fagpersonar
- Tarjei Smågesjø – akademileiar i Møreakademiet, UEFA Pro-lisens
- Vibeke Innselset – utviklingsleiar for kvinnefotball
- Christer Johansen – trenar for Hødd 2, UEFA B-lisens
- Aleksander Hærsdal – trenar for Hødd G15 Nasjonal, UEFA B-lisens
- Benjamin Kaldhol – trenar for Hødd G14, UEFA B-kurs 2026
- Arnfinn Ingjerd – trenarutviklar i Møreakademiet, UEFA A-lisens
- Pedro Calisto – keepertrenar, UEFA A Keeper
Gjester
- Ivan Poulsen – hovudtrenar for Hødd sitt A-lag herrar
Dette blir ei veke fylt med inspirasjon, læring og utvikling – både på og utanfor bana. Målet er å gi deltakarane nye verktøy, større forståing for kva som krevst for å utvikle seg som fotballspelar, og ikkje minst motivasjon til å ta nye steg i eiga utvikling.
Praktisk informasjon
Meld deg på her!