
Sommarproff 2025
Hødd Fotball inviterer til sommarproff 12.- 14. august for dei ivrigaste i aldersgruppa 11-12 år (kull 2014 og 2013). Møreakademiet
Sommarproff 2025 er for spelarar som vil litt ekstra, og som ønsker eit innblikk i ein profesjonell kvardag - og her vil det vere fokus på kvalitet og god oppfølging frå dyktige trenarar.
Spelarane får lære meir om blant anna ferdigheitstrening, rolletrening og korleis ta større eigarskap til eiga utvikling.
Det skal gjenomførast fem treningsøkter og det vil bli servert eit sunt måltid kvar dag.
PRAKTISK INFORMASJON
Meld deg på her!
FORELØPIG PROGRAM
*Det kan førekome små endringar i det oppsatte programmet.
Vi håpar å sjå deg på Møreakademiet sin sommarproff i august!