
Som lag har vi prestert godt
Ronny før heimekampen mot Herd! A-lag damer
Foto: Andreas Steinnes Bjerknes / Vikebladet Vestposten
Då vart det 1-0 seier sist heime mot Molde i det so vart ein skikkeleg slitekamp. Ei spektakulær scoring av Ragnhild vart avgjerande, og det er slik det å ha X-faktor kan gjere i ein tett og jamn kamp.
Det var, som nemnt, heimekamp sist og vi har enda to heimekampar dei neste to rundane før vi avsluttar før ferien borte med eit lokaloppgjer mot Volda.
Vi slo Herd borte i ein av dei siste treningskampane før seriestart, og det er neste utfordring for oss. Herd ligg sist på tabellen, men det betyr berre at dei nærmar seg sin første seier – så her gjeld det å vere fokusert på oppgåva. Det er ikkje lenge sidan dei var eit hakk over oss i divisjonssystemet, men har mista nokre spelarar sidan då. Det er litt overraskande at dei har slitt så langt, for spesielt framover i bana har dei spelarar som har mål i seg.
Som lag har vi prestert godt i det siste, og vi har spelarar som er i form. Defensivt har vi vore solide i heile vårsesongen, minus ein kamp – og den trenden skal fortsette. Akkurat no har vi nokre usikre kort, som slit med nokre skavankar eller sjukdom – så noko rotering på laget vil det bli i større grad enn vanleg kanskje.
Treningane og førebuingane inn mot denne kampen har vore gode. Det er eit tett kampprogram, men vi syns vi har restituert godt og jobba med ting inn mot kampane. Vi går sjølvsagt for seier og tre poeng også i denne kampen – og vil invitere Hødd folket til ta runda til Høddvoll å sjå kamp på ein raud måndag, som vi skal gjere blå!