Solid start på Fylkesserien

Hovudtrenar Ronny Osnes er godt fornøgde med vårsesongen - og ser fram til ein spennande haust!

Då har damelaget tatt kampfri etter vårsesongen. Status er at vi ligg i toppen og har prestert ei rekke gode prestasjonar, som har gitt 7 sigrar og 2 tap. I 1-2 tapet mot AaFK var andre omgangen ein svært god prestasjon, der vi burde fått med oss poeng – minst!

Så tabellen viser AaFK Fortuna på topp, og med Blindheim og oss halsande bak. Det kan bli en svært spennande haustsesong!

Etter siste kamp og bortesigeren mot Volda, så tok vi nokre dagar fri før vi starta med frivillige fotballtreningar igjen. Vi kjem nok til å ha nokre økter vidare i juli, men spelarane skal no starte på eige treningsopplegg med vekt på det fysiske. Då skal spelarane vere blodtrimma når vi startar opp med ei kort felles oppkøyring 4. august.

Det er veldokumentert at vi mister Mille til Stabæk i haust. Mille har levert ein strålande vårsesong, og vi har stor tru på at Mille blir ein toppkeeper på sikt. Men sjølv om Mille er ein god spelar, så er ho ein enda betre person. Så vi mister ein spelar og ei jente vi kjem til å sakne.

Dei seier seg sjølv at vi då jaktar ein ny keeper. Vi har namn på blokka, så kan vere meir eller mindre aktuelle – men vi tek gjerne mot tips om nokon har speida på våre vegne!

Vi har eit slags generasjonsskifte og vi mister nokre spelarar til haustsesongen. Amalie Vik og Tomine Holthe Grevstad veit vi reiser, Mari Seljeseth Sandvik skal kanskje flytte til Bergen, og så veit vi Anne Aarsand Vik og Norah Osnes reiser i september. Det er det vi veit og er status pr no.

I tillegg til keeper jaktar vi også utespelarar. Nokre er kjende for oss, og trenar med oss allereie – men vi får sjå kva vi landar på. Og forsterkingar blir jobba med.

Som nemnt startar vi treningane igjen 4. august, og første kamp er borte mot Blindheim 18. august. Deretter har vi kamp heime mot AaFK. Så vi sparkar haustsesongen i gang med to toppkampar, og noko som blir ein kul start på en spennande haustsesong.

Annonse fra Obos-ligaen: