Solid siger i NM for rekrutt

Laurdag ettermiddag spelte Hødd 1. runde i G19 NM mot Herd. Det enda med 6-0 siger. Sjå stor bileteserie i saka!

Hødd tok leiinga tidleg i kampen på ein corner der Peter Hasund stanga ballen i mål. Omlag midtvegs i omgangen auka Sveinung Tilseth leiinga til 2-0 - eit resultat som også stod seg til pause. I andre omgang scora Isak Haanes og Håkon Brautaset henholdsvis 3-0 og 4-0 - etter målgivande frå Sander Djupvik. Etter ei lita periode utan scoringar fastsette Haanes og Brautaset sluttresultatet med at begge scora sitt andre mål for dagen. 4-0 blei til 5-0, og seinare 6-0, før kampen var omme. 

Ein sterk prestasjon av ein nykomponert lag!

Sjå stor bileteserie her!

Troppa

Sivert Pieroth, Joakim Ulstein, Bastian Myklebust Rasmussen, Peter Hasund, Petter Haddal Worren, Sveinung Tilseth, Isak Skotheim, Sander Djupvik, Håkon Brautaset, Isak Haanes, Gustav Brandal Dimmen, Sondre Gjerdsbakk, Christoffer Bringsvor, Iver Roald, Håkon Thormodsæter.

Annonse: