Solid mot Florø – NM neste

Herrelaget tok ein komfortabel 1-4-seier på onsdag. Laurdag er det klart for første runde i NM når vi møter Herd på Herdtun.

Etter åtte ferdigspelte serierunder ligg herrelaget på andreplass i ligaen, med tre poeng opp til serieleiar Kongsvinger. Onsdag var det Florø som måtte bukke under for eit solid Hødd-lag som scora heile fire mål.

- Det var ein godt gjennomført bortekamp. Vi startar bra og tek med oss 3-0 inn til pause etter mykje godt angrepsspel. Derfrå kontrollerer vi kampen sjølv om Florø har ballen i store delar. Alt i alt eit godt resultat, oppsummerer Mikkel Bjørnstad.

No ventar første runde i NM. Laurdagens motstandar, Herd, rykte ned i 2019-sesongen og har grunna pandemien ikkje spelt offisielle kampar sidan då.

Kva forventar du av Herd, Mikkel?

- Det er vanskeleg å seie. Vi møter garantert ein spelesugen gjeng, og dei har fleire gode spelarar som held meir enn fjerdedivisjonsnivå. Likevel er dette ein kamp vi skal og bør vinne, men det held ikkje å berre sette ut skoa.

Billettinformasjon

Første runde i cupen kan vere ei muligheit for å gi fleire spelarar sjansen, spesielt no med det tette kampprogrammet.

- Kampane kjem tett som hagl no og det er artig! Dette er noko vi har teke høgde for når vi såg programmet. Vi har derfor ei brei tropp med mykje kvalitet. Herd-kampen blir ei fin muligheit for dei som ikkje har spelt så mykje hittil, forklarer Mikkel.

Får vi sjå nokre nye unggutar i aksjon?

- Vi har fleire spennande rekruttar som bankar på døra og nokre av dei vil vere med i troppa laurdag, seier han.

Det er mogleg å sikre seg billett til kampen, men grunna smittevern er det berre 400 plassar tilgjengeleg. Derfor kan det vere lurt å sikre seg billett, som du kan kjøpe her.

Heia Hødd!

Annonse: