Søkjer utviklingsleiar for jente- og kvinnefotballen

IL Hødd Fotball satsar på jente- og kvinnefotball og søkjer ein engasjert utviklingsleiar i 100% stilling som vil vere ein nøkkelperson i arbeidet med å byggje framtidas fotballmiljø for jenter og kvinner i klubben.

Om rolla

Som utviklingsleiar får du ansvar for å:

  • Utvikle og implementere klubbens strategi for jente- og kvinnefotball.
  • Skape gode utviklingsarenaer for spelarar, trenarar og lag.
  • Byggje kultur og struktur som sikrar vekst og kvalitet i heile spelarutviklingsløpet.
  • Samarbeide tett med sportsleg leiar, trenarar og administrasjon.
  • Rapporterer til sportsleg leiar

Vi ser etter deg som

  • Har erfaring frå fotballmiljøet, gjerne med trenar- eller leiarbakgrunn.
  • Brenn for utvikling av jente- og kvinnefotball.
  • Er strukturert, initiativrik og god til å byggje relasjonar.
  • Har evne til å inspirere og motivere både spelarar og trenarar.

Vi tilbyr

  • Ei spennande rolle i ein klubb med sterke tradisjonar og ambisjonar.
  • Moglegheit til å forme framtidas jente- og kvinnefotball i regionen.
  • Eit godt arbeidsmiljø med dedikerte kollegaer og frivillige.
  • Løn etter avtale.
  • Oppstart 1. januar 2026 eller etter avtale.
  • Arbeidsstad: Høddvoll, Ulsteinvik.
  • Arbeidstid: Som sportsleg tilsett i Hødd må ein rekne med arbeid på kveldstid, helger og feriar.

For nærare opplysningar kontakt sportssjef Jesper Tørnqvist ([email protected]), 47200004.

Søknad med CV sendast til [email protected] innan 30. november 2025.

Annonse fra Obos-ligaen: