Sogndal til helga

Laurdag tek Hødd imot Sogndal til treningskamp på Høddvoll. Kampstart kl. 14.00!

Ei god treningshelg på Høddvoll vart gjennomført i helga i strålande flott vær, der ein fekk jobba godt på treningsfeltet. Helga hadde også innslag av ein historietime med Arne Flatin, Kjetil Hasund, og Reidar Vikebakk der spelarane fekk eit innblikk i historia til Hødd. Ei kjekke og sosial helg som bygge lag. 
 

HØDD - SOGNDAL

Laurdag blir det ein skikkeleg test mot Sogndal. I oppgjeret mellom laga på Høddvoll i fjor enda kampen med uavgjort 2-2. 
 


 
No er det treningskamp som står for tur, der ein får testa forma ein månad før seriestart. Etter ein god vinter så langt har det sett veldig bra ut for Hødd sin del og laget virka å vere i god form. 
 
Det har blitt scora bra med mål i alle treningskampane mot AaFK, Brattvåg og Træff, og kanskje får du sjå mykje mål også mot Sogndal?
 
Ta turen og sjå laget i aksjon mot Sogndal!
 

Testing av billettsystemet

Til kampen vil det blir billettsal på nett, mobil, og på billettkontoret slik vi får testa at alt fungerer til seriestart. Billettprisen blir kr. 50,- for alle over 18 år. Billettkontoret og portane på stadion vil bli opna 1 time før kampstart.

Alle under 18 år kan hente seg ut gratis kampbillett.

Til informasjon vil ikkje sesongkortet gjelde i treningskampen.

Kjøp kampbillett her!

 

Det blir open kiosk og speakerteneste under kampen. 

Vi ønskjer laget lykke til i kampen mot Sogndal.

Annonse: