Snart i mål med sponsorbudsjettet

Knappe to veker før seriestart er ca. 90% av sponsorbudsjettet på plass, og målet er å få landa dei siste avtalene før sesongen er i gang.

Vi har i dag tatt oss ein prat med marknad- og medieansvarleg i Hødd Fotball - Andre Aurvåg Gardshol der han gjer opp status så langt i marknadsarbeidet.

Auke i sponsorbudsjettet

Klubben har i år eit sponsorbudsjett på 3 850 000,- ei auke på ca. 350 000,- frå året før. For å klare dette målet er klubben avhengig av å utvide sitt sponsornettverk med nye sponsorar. 

- Framleis står det igjen veldig mykje arbeid, og tida er knapp med tanke på seriestarten som er rett rundt hjørnet, men målet vårt er å få landa dei siste avtalane før påske, seier marknad- og medieansvarleg i Hødd - André Aurvåg Gardshol.

Store anleggskostnadar

Av eit totalbudsjett på ca. 16 millionar har klubben rundt 4 millionar i årlege anleggskostnadar og den aller største kostnaden er knyta til stadion der Hødd er leigetakar med Ulstein Kommune. 

- Etter klubben fekk ny heimebane (Høddvoll) i 2015 har Hødd Fotball fått eit flott anlegg som vi er stolte av, men for å drifte anlegget som er bruk frå morgon til kveld er vi heilt avhengige av å auke inntektene for å forsvare kostnadane.

Mål om over 90 sponsoravtalar

I forkant av 2021-sesongen utarbeida Marknadsutvalet ei ny sponsorbrosjyre som skulle gjere det enklare for sponsorane å sjå kva dei fekk igjen når dei er sponsor i Hødd. Denne har klubben fått mange positive tilbakemeldingar på og sponsorbrosjyren vil bli vidareutvikla i åra framover.

Sjå sponsorbrosjyren her!

- I 2021 signerte vi over 80 sponsoravtalar, og til 2022-sesongen kan vi ende med å ha signert over 90 sponsoravtalar. Dette er eit viktig mål om vi skal klare årets sponsorbudsjett!

I tillegg til alle dei trufaste og lojale sponsorane som har vore med klubben i mange år har også marknadsansvarleg i samarbeid med Marknadsutvalet klart å knyte til seg nye sponsorar som ikkje har vore med tidlegare. Dette er svært positivt og forhåpentlegvis er dette eit resultat av den jobben Hødd gjer for breidde- og topp. Ein viktig samfunnsaktør som har stor betyding for lokalsamfunnet.

Marknadsprosjekt 2022

Hødd avisa
Hødd avisa (digital avis) vil bli vidareført også i år. I 2021-sesongen hadde klubben gode annonseinntekter på avisa. Annonsane blir seld billig og er gjeldande ein heil sesong, fordelt på 13 seriekampar. Dette skal vere ei gratis avis som blir tilgjengeleg for ca. 15 000 personar før kvar heimekamp ved hjelp av sosiale media og nyheitsbrev. Altså god profilering for dei som blir med å kjøper annonse eller logoprofilering.
 
For meir informasjon om Hødd avisa og pris på annonse, sjå sponsorbrosjyren over.
 
Leverandørkonferansen
Leverandørkonferansen har vore ei viktig inntektskjelde for klubben i over 20 år og så langt er det veldig stor påmelding, noko som er gledeleg. Vi har i år eit flott program med mange dyktige foredragshaldarar. Bli med du også!
 

Les meir om Leverandørkonferansen her!

Årets kamp
Årets kamp vart ein braksuksess i fjor og dette gav klubben solide inntekter. Dette er noko vi vil fortsette med i år. Konseptet er enkelt: 
 
Private og bedrifter bidreg med x antal kroner pr. tilskodar som kjem på årets kamp. I fjor kom der 1 800 tilskodarar til Høddvoll for å sjå toppkampen mot Kongsvinger.
 
I år skal både A-lag damer og herrer i aksjon same dag, og vi legg derfor opp til ein familiedag for liten og stor på Høddvoll med mykje aktivitet i forkant av kampane mot Træff og Asker. Her oppmoda vi alle private og bedrifter som var med i fjor om å støtte prosjektet.
 
Nytt arrangement presentert snart
- Vi vil om kort tid sende ut ei pressemelding der vi presenterer eit nytt stort prosjekt som klubben har jobba med ei god stund. Det vi kan avsløre er at arrangementet vil bli gjennomført same helga som Heimebanefest blir arrangert. Følg med framover!
 

Gler oss til å møte sponsorane

- Etter eg tok over som marknadsansvarleg i Hødd er det nesten ikkje blitt gjennomført fysiske møter med sponsorane dei siste to åra. Det meste av kommunikasjonen har gått på e-post, telefon eller Teams. No når samfunnet igjen er opna ynskjer vi å møte sponsorane i enda større grad. Eit av tiltaka som sponsorane snart får invitasjon til er sponsorfrukost. Vi ser på det som svært viktig å få møte sponsorane igjen og dette gler vi oss til!

Spanande sesong i vente

Hødd har klart å behalde dei aller fleste av spelarane som var med å kjempe om opprykk til OBOS-ligaen i fjor. Målsetjinga i år er framleis å kjempe om opprykk og kanskje blir det året der Hødd tek steget tilbake til norsk Toppfotball? 

- Ser vi på Fredrikstad og Kongsvinger som vi har konkurrert med dei siste to åra, så har vi eigentleg vore sjanselause med tanke på å konkurrere mot dei økonomisk, der begge laga har hatt tre gangar større lønnsbudsjett. Sportsleg har vi likevel ikkje vore langt ifrå og dette ser vi på som ein styrke at vi kan konkurrere mot klubbar med større økonomiske musklar. Slik PostNord-ligaen ser ut i år bør vi kunne konkurrere på ganske like vilkår, og kanskje derfor blir det Hødd sitt store år!

- Vi ser også fram til å følgje A-lag damer i 2. divisjon, Rekrutt herre i Norsk Tipping-ligaen, og alle lag i utviklings- og breiddeavdelinga. Det blir jobba godt på alle nivå for å legge til rette for god aktivitet, uavhengig av interesse og ambisjonsnivå. Vi ynskjer alle lag lykke til med sesongen, og ikkje minst Hødd United som endeleg er i gang igjen for fullt.

Hødd Fotball ynskjer til slutt å takke Generalsponsor Sparebanken Møre, hovudsponsorane, alle sponsorane som er med vidare, nye sponsorar og samtidig ynskje nye potensielle sponsorar velkomen!

Heia Hødd!

 

For spørsmål, ta kontakt med underteikna.

Kontakt

Annonse fra Obos-ligaen: