Slaget om Hareidlandet – klart for lokaloppgjer på Høddvoll

Det er duka for eit skikkeleg lokaloppgjer når Hødd 2 møter Hareid på Høddvoll fredag klokka 18.30. Ta turen til stadion og få med deg det som ofte blir kalla «slaget om Hareidlandet»!

Annonse:

Dette er meir enn berre ein vanleg 4. divisjonskamp. På begge lag finn vi spelarar med sterke band til Hødd, og det blir eit gjensyn med mange tidlegare Hødd-spelarar. Då Hareid møtte Langevåg sist, hadde heile 10 av 11 spelarar i startoppstillinga ei fortid i Hødd!

Tett i toppen

Hareid har hatt ein sterk sesong og har framleis heng på dei to topplaga Stordal og Rollon. Raudtrøyene ligg på tredjeplass – eitt poeng og éin plass framfor Hødd 2.

Forma er også solid. Hareid har ikkje tapt på dei fem siste kampane, og fire av desse har enda med siger. Under trenar Aleksander Håskjold spelar Hareid ein open og offensiv fotball som ofte gir både sjansar og scoringar.

Det fekk vi eit godt bevis på då laga møttest på Hareidsmyrane i vår. Då vart det eit fyrverkeri av ein kamp – Hødd 2 vann 5–4!

Hødd 2 vil slå tilbake

Også Hødd 2 har levert ein god sesong og ligg på ein sterk fjerdeplass. Rekruttlaget har likevel vore eit aldri så lite berg-og-dalbane-lag den siste tida. Dei åtte siste kampane har faktisk enda med annakvar siger og annankvart tap.

Det betyr at alt ligg til rette for eit nytt spennande og mål- og sjanserikt oppgjer når laga møtest igjen.

Erlend Walseth Lid og Carlos Kopperstad Nilsen har vore blant dei viktigaste bidragsytarane offensivt denne sesongen. Duoen står for halvparten av Hødd 2 sine scoringar så langt.

Ta turen til Høddvoll!

Tabellplasseringane, rivaliseringa, spelarane med Hødd-fortid og minnet om 5–4-kampen i vår – det er mykje som ligg i potten når Hødd 2 og Hareid møtest til «slaget om Hareidlandet».

Kampstart er klokka 18.30 på Høddvoll. Vi håper å sjå mange på tribuna – bli med på lokaloppgjeret! 

Annonse fra Obos-ligaen: