Skotheim har signert ny kontrakt

Isak Gabriel Skotheim har signert ein avtale ut 2025-sesongen!

Isak vart tatt opp i A-stallen i 2018 og har sidan den tid våre ein del av A-stallen. Den kreative og offensive spelaren er no klar for nye to år i Hødd-drakta. 

Ein spelar som vi har stor tru på

- Isak er ein Høddar som har vokse opp eit steinkast frå Høddvoll og ein spelar som vi har stor trua på i åra som kjem. Ein artist og publikumsfavoritt som vi saman skal ta nye steg med, seier Dagleg leiar og Sportssjef Jesper Törnqvist.

Meir svolten enn nokon gong

- Veldig glad for å fortsette vidare i Hødd. Meir svolten enn nokon gong, og gler meg til å spele, og utvikle meg i eit lag som skal vere offensive og spele med hjarte utanpå drakta, seier Isak Skotheim.

Hovudtrenar Marius Bøe er glad for at Isak har signert ny avtale

- Vi fortsetter med gladnyhende når enda ein lokal spelar vel å fortsette karrieren sin her i Hødd. Isak er ein x faktor spelar, har referansar både frå OBOS-ligaen og PostNord-ligaen, og kjenner klubben. No skal Isak vidareutvikle seg, og ta nye steg dei neste to åra.

Vi gratulerer Isak med ny kontrakt!

Annonse: