438128016_7730120917051454_6116032939272949951_n

Skal byggje vidare på prestasjonen mot Volda

Onsdag kveld spelar damelaget ny kamp i 3. divisjon mot Aksla/Guard. Kampstart kl. 18.30!

Laget tok ein sterkt og fortent siger i heimekampen mot Volda sist. Kampen enda med 3-0 siger til Hødd, og med litt betre uttelling kunne resultatet vore enda større. Hovudtrenar Ronny Osnes seier laget har jobba med å bli enda skarpare framfor mål inn mot kveldens kamp.

- Vi fekk ei god oppleving sist kamp heime mot Volda. 3-0 siger var ikkje eit mål for lite, og vi tok gode steg spelemessig der vi brukte ballen godt. Vi scora både etter gjenvinning høgt i bana, på dødball og på langt angrep, så det vart god variasjon i måten vi scora mål på.

- Vi skal byggje vidare på prestasjonen mot Volda i dei neste kampane, og startar mot Aksla/Guard onsdag. I tillegg til å vere gode med ballen, skal vi spele med stor energi i presspelet vårt. Vi er godt i gang med førebuingane og skal vere klar for ein ny god prestasjon i kampen. Siste økta før kampen fekk vi finpussa litt på spelet og med avslutningar, og slik vi er enda skarpare der.

Til kampen i kveld ser han for seg å bruke meir av troppa, men laget skal uansett går for siger og tre nye poeng.

- Mest sannsynleg så kjem vi til å bruke troppa meir i denne kampen. Vi har spelt mykje dei same spelarane til no, men i denne kampen kjem vi nok til å rotere og bytte meir enn vi ha gjort i kampane til no. Det handlar om å få fleire i gong, men ikkje minst ha høg energi og tempo i kampen. Det kan bli ein kamp som til der kan få «kaos-preg», ein det kjem likevel til å bli god underhaldning. Vi skal sjølvsagt gå for siger og 3 nye poeng, så håper alle som var på førre kamp også kjem på denne kampen – og ta gjerne med seg ein til på kamp! Heia Hødd

Det blir open kiosk og speakerteneste under kampen i kveld. 

Vi ønskjer laget lukke til i kampen mot Aksla/Guard!

Annonse: