Siste nytt før generalprøva

Hødd møter HamKam på Høddvoll laurdag kl. 13.00.

Annonse:

Hødd møter eit HamKam-lag i fantastisk flyt. Laget har ikkje tapt sidan 12. juni i fjor, ei rekkje på 22 kampar. Blant anna vann dei borte 1-0 mot OBOS-ligalaget Elverum for eit par veker sidan.

Hamar Arbeiderblad trur HamKam stiller slik mot Hødd (4-2-3-1): Lukasz Jarosinski - Niko Mickelson, Francois Yabre, Ruben Guerro Alegre, John Anders Rise - Franck Semou, Truls Jevne Hagen - Petter Vaagan Moen, Ivar Sollie Rønning, Ole Erik Midtskogen - Kevin Beugre.

Hødd har omsider fått satt ein stall, og treningsleiren i Luton for ei veke sidan var nyttig både i forhold til det sportslige og sette gruppa. Onsdag vart det 0-0 mot Brattvåg, i ein kamp der mange fortsatt hadde dei tøffe treningane frå Englands-turen i beina. Hødd var imidlertid nærast siger, og bakover holdt dei blåkvite nullen mot eit Brattvåg-lag som sannsynligvis hadde gjort det bra om dei hadde spelt i årets PostNord-liga.

Sindre Eid meldte på dagens "Møteplassen" at det truleg ikkje vert mange forandringar på laget som møtte Brattvåg. Vegard Heltne er tilbake frå skade og vil spele nokre minutt. Nysigneringa Amani Mbedule har hatt føling med ein strekk, men trente for fullt i går, og kan også vere klar til nokre minutt i generalprøva. Det vil seie at trenarteamet truleg kan velge mannskap frå ein skadefri stall.

Avspark er altså kl. 13.00. Det er fri entrè og open kiosk. Velkommen!

Annonse fra Obos-ligaen: