Sindre Sommerseth Berg-Buan signerer for Hødd
Hødd Fotball har signert Sindre Sommerseth Berg-Buan som ny assistenttrenar for A-lag herrar. Avtalen gjeld ut 2027-sesongen, og Berg-Buan blir ein del av trenarteamet rundt hovudtrenar Ivan Poulsen. Toppfotball
Sindre Sommerseth Berg-Buan kjem til Hødd med solid erfaring frå norsk fotball. I 2025 var han hovudtrenar for andrelaget til Bryne FK, og han har tidlegare vore assistenttrenar i Egersund IK. I tillegg har Berg-Buan jobba i akademiet til HamKam, der han har vore tett på utvikling av unge spelarar.
Med tilsetjinga av Berg-Buan får Hødd inn ein trenar med god kjennskap til norsk fotball og klubbkvardagen på dette nivået, noko som har vore eit viktig supplement til trenarteamet.
Kommentar frå Sindre Sommerseth Berg-Buan:
– Eg er svært stolt over å få høvet til å bli ein del av Hødd, ein klubb med sterke tradisjonar og mykje historie. Dette er ei spennande utfordring som eg verkeleg ser fram til. Klubben har ein interessant og svolten spelartropp, og eg gler meg til å kome i gang med arbeidet på feltet.
– Eg har hatt gode samtalar med Ivan og Jesper, og eg har stor tru på prosjektet. Ivan framstår som ein trenar med både stort pågangsmot og høg kompetanse, og eg kjenner meg trygg på at vi kan få til noko bra saman.
Dagleg leiar og sportssjef Jesper Törnqvist er nøgd med å få Berg-Buan med på laget:
– Då vi signerte Ivan, var vi veldig klare på at trenarteamet rundt han måtte ha kompetanse og erfaring frå norsk fotball.
– I Sindre får vi ein trenar med god erfaring frå liknande klubbar som Hødd. I tillegg har Sindre, gjennom venskap med Kristoffer, følgt oss tett dei siste to åra. Han var sist på besøk hos oss på Høddvoll i haust, og fekk då òg eit godt innblikk i klubben og måten vi jobbar på.
– Sindre er hardtarbeidande og oppteken av fellesskap, noko som gjer han til ein svært god match for Hødd. Velkomen!
Sindre Sommerseth Berg-Buan tek til i rolla som assistenttrenar i samband med oppstarten av arbeidet inn mot 2026-sesongen.
Vi ønskjer Sindre hjarteleg velkomen til Hødd.