Sindre om status

Fredag ventar Spjelkavik på Høddvoll i første treningskamp.

Annonse:

Sindre Eid har holdt på i to veker med sesongoppkøyringa, og vi tok oss ein prat med Hødd sin nye hovedtrenar før første treningskampveke.

Løysingane på trenarteamet kjem til å verte kjempeløysingar for Hødd.

— Sindre Eid

- Kva kan du peike på av plussar og minusar etter dei to første treningsvekene?

- Av plussar vil eg seie at vi har fått trena mykje og med god intensitet. Til dels også god kvalitet. Minus er at mange har slitt med skader og sjukdom som dei tok med seg inn i oppkøyringa etter juleferien, og det er sjølvsagt aldri ideelt, seier Sindre.

- Byrjar du å sjå konturane av Hødd-stallen i 2017?

- Ja, konturane ser vi. Men det gjenstår enno ein del arbeid før årets stall ser ut slik den skal. Når det er sagt, så må eg seie at vi har mange gode spelarar i Hødd per i dag.

- Arild Sundgot er ute av teamet ditt. Kva no?

- No ser vi framover, og løysingane på trenarteamet kjem til å verte kjempeløysingar for Hødd. Vi kjem innan kort tid til å komplimentere trenarteamet med to personar.

- Fredag er det årets første treningskamp mot Spjelkavik. Korleis kjem du til å angripe den kampen?

- Det handlar om å kome i gang. La flest mogleg få seg ei gjennomkøyring og få seg ein kamp i beina. Så noko toppa mannskap vert det ikkje, avsluttar Hødd-trenaren.

Treningskampen fredag har avspark kl. 18.00 på Høddvoll.

Annonse fra Obos-ligaen: