Siktar mot tre nye poeng borte mot Herd

Med fire poeng på dei to første haustkampane, går laget no inn i bortemøtet med Herd med tru på nye poeng. Hovudtrenar Ronny Osnes peikar på både framgang og utfordringar, og ser fram til ein kamp der innsats og glede skal stå i sentrum.

Vi står med 4 poeng etter dei to første kampane i haust. Det er vel omlag fortent, sjølv om poengtapet og straffa sist på overtid var surt å få imot oss. Då var det grunn til å kjenne seg snytte, sidan vi burde hatt innkastet før straffesituasjonen oppstod. 

Då er det fint med nye moglegheiter! Denne runda har vi Herd borte. Herd har underprestert denne sesongen og har tynn poengfangst. Vi har stått fram med skikkeleg innsats og intensitet i botnen dei siste kampane, og denne må på frå start mot Herd også. Vi må ikkje gi inntrykk av at dei kan få det kjekt i denne kampen, men trøkke til og tørre å bruke ballen godt og fornuftig.

Vi har sjølvsagt sterk tru på tre poeng, og dermed vil spenninga i serien leve i beste velgåande dei komande kampane og vekene. Spelargruppa lyser av glede for tida, og fotball skal vere gøy. Så då er det tre poeng som gjelder mot Herd, og vidare gøy og glede.

Annonse fra Obos-ligaen: