Sterk bortesiger mot Kjelsås

God start på haust-sesongen etter 2-0 siger mot Kjelsås

Haust-sesongen er i gang og Hødd fikk ein god start på hausten med 2-0 siger mot Kjelsås som er eit sterkt heimelag. Før laurdagens kamp hadde laget 4 sigrar og ein uavgjort heime på Grefsen kunstgress.  

Begge Hødd sine mål kom i 1.omgong, først ved Markus Naglestad etter eit flott Hødd-angrep der Markus plasserte ballen fint oppe i hjørnet frå 10-12 meter. Joakim Wrele var mannen bak 2-0 etter eit velplassert skot frå 15-16 meter.

Etter helgas runde ligg Hødd på 1.plass med 25 poeng, mens Skeid som tapte 3-1 for Bryne på søndag har 23 poeng. Mandag spelar KFUM Oslo heime mot VIF2, med siger vil KFUM også kome opp i 25 poeng.

Neste kamp er heime mot Nardo, søndag 29.juli klokka 16.00

FAKTA:

Grefsen kunstgress

Kjelsås-Hødd 0-2 (0-2)

Skoringar: Naglestad og Wrele.

Hødd: Alme, Haugan, Breimyr, Moltu, Eid, Saunes, Wrele, Rise, Sætre, Myklebust, Naglestad. 

Benytta innbytarar: Osvold, P.S.Hasund, Hjelmeseth

Annonse fra Obos-ligaen: