Siger i toppkampen mot KFUM!

Laurdag kveld møttes Hødd og KFUM til toppkamp på Høddvoll. Det enda med siger til vertane!

Annonse:

Det var mykje spenning knytta til laurdagens kamp på Høddvoll. Heimelaget låg på toppen av tabellen før kampstart, medan KFUM "jaga" i utfordrarposisjon. I tillegg følte nok Hødd at dei hadde ein del å revansjere etter 1-3-tapet i Oslo i vår. 

I den kraftige vinden på Høddvoll var det KFUM som starta best og dominerte første halvdel av 1. omgang. Gjesta pressa høgt i store delar av omgangen og lukkast med det, og heimelaget sleit med å finne ut av KFUM sitt press. Dominansen førte etter kvart til ei fortent 1-0-leiing til gjestane. Henrik Breimyr var uheldig i ein duell med KFUM-spill Moses Mawa. Førstnemnte kom borti ballen med handa og dommaren dømte straffespark til gjestane. Straffesparket sette Robin Rasch sikkert i mål til 0-1. 

Etter scoringa jobba heimelaget seg meir inn i kampen, utan at dei på nokon måte hadde initiativet i kampen. Det vart etter kvart ein jamnare omgang i den kraftige vinden på Høddvoll, men trass i sjansar til begge lag vart det ikkje fleire scoringar i første omgang. 0-1 stod seg til pause. 

Etter pausen endra kampbildet seg litt. I denne omgangen var det heimelaget som hadde vinden i ryggen og dominerte kampen. Utlikninga kom i det 51. speleminutt - nok ein gong på straffespark - etter at Markus Naglestad vart takla inne i 16-meteren. Naglestad sette straffesparket sikkert i mål. 

Utlikninga verka å gi meir energi til heimelaget. Kampen bølga periodevis litt fram og tilbake, men det var Hødd som skapte dei største sjansane. Begge lag verka å gå for sigeren, men Hødd brann eit par store sjansar, medan KFUM mangla presisjon på siste tredjedel av bana. 

Det verka som om kampen skulle endre 1-1, men på overtid fekk Hødd eit frispark i god innleggs- og skotposisjon. Markus Naglestad stilte seg opp for å ta frisparket. Sørlendingen såg at keeper stod litt feilposisjonert og banka ballen hardt i nærmaste hjørne - 2-1 var eit faktum til stor jubel på Høddvoll! Like etter blåste dommaren av kampen!

Hødd: Alme, Haugan, Breimyr, Moltu, Eid, Saunes, Wrele (A. Breimyr, 46 min.), Hagen, Rise, Myklebust (Osvold, 72 min.), Naglestad. 

Vi takkar KFUM, dommartrio og publikum for kampen, og ønsker lykke til vidare i sesongen!

Neste heimekamp for Hødd er mot Egersunds 01. september kl. 17.00. 

Annonse fra Obos-ligaen: