Sesongstart for damelaget - toppkamp for herrelaget

Onsdag skal begge A-laga våre i aksjon samtidig. Medan damelaget sesongopnar på Høddvoll, spelar herrelaget toppkamp i Kongsvinger.

I helga møtte begge lag Molde på heimebane. Herrelaget tapte knepent 1-2 og er med det ute av årets NM. Damene vann 4-1 i generalprøva si og er no klare for å ta imot AaFK Fortuna i første runde i NM. Det kan bli ein tøffare kamp meiner hovudtrenar Ronny Osnes.

- Molde-kampen gav oss ein boost, men AaFK blir ei utfordring og ein ny referanse for vårt lag. Vi skal uansett gi dei kamp, og ta dei muligheitene vi får. Vi er godt førebudde!, seier han.

Ronny meiner uansett at damene skal vere klare og har trena godt fram mot kampane. Dei er også svært spelesugne etter lang tid utan offisielle kampar.

- Eg forventar eit lag i god «Hødd-ånd» som jobbar hardt for kvarandre og torer å gjere det vi har trena på. Vi må bruke ball, men samtidig vise klokskap i kampen, seier Ronny.

Saka held fram under biletet.

Damelaget feirar scoring mot Molde. (Foto: Arne Flatin)
Damelaget feirar scoring mot Molde. (Foto: Arne Flatin)

Kampstart 18.00
Kampane har avspark samtidig, klokka 18.00, så her må ein halde tunga beint i munnen for å få med seg alt. Det blir uansett to viktige og spennande kampar. 

Herrelaget reiser nedover onsdag morgon, med Molde-kampen liggande igjen heime. Likevel blir det nok ein tøff kamp for Hødd, som no møter serieleiaren på bortebane. 

- Det er ein kamp vi gler oss til. Til no har Kongsvinger gjort det veldig bra, så vl gler oss til å ta fatt på den utfordringa, seier Sverre Økland.

I serien har Hødd enno til gode å tape ein kamp, noko som vitnar om både stabilitet og eit solid lag. Det håper Sverre at Hødd igjen kan vise på onsdag. 

- Eg forventar at vi er oss sjølve og går ut med mykje energi. Vi har mykje positivt å bygge på, både frå tidlegare i sesongen og frå Molde-kampen sist. Det er ein viktig kamp, men i Hødd er alle kampar viktige, så dette blir berre ei ny utfordring, seier Hødd sin kaptein.

Kan bli tabelltopp
Kongsvinger ligg eitt poeng foran Hødd på tabellen, så med siger vil Hødd ta over serieleiinga før dei tek ein lett pust i bakken i helga. Då er det spelefri og ei lita frihelg for karane.

- No er det alle mann til pumpene før vi kan ta ein velfortjent pust i bakken. Men først tre poeng på onsdag, seier Sverre.

Damekampen kan du sjå på Høddvoll, medan herrekampen blir vist på både Vikebladet og Sunnmørsposten.

Heia Hødd!

Annonse fra Obos-ligaen: