SESONGKORT 2022

Fra måndag 17. januar kl. 10.00 kan du sikre deg sesongkort til 2022-sesongen!

BLI MED HØDD TILBAKE TIL NORSK TOPPFOTBALL

Hødd Fotball ønsker å takke for all støtte i 2021-sesongen og håpar å sjå deg på Høddvoll også i 2022!

Vi var svært nære med å sikre oss opprykk til OBOS-ligaen i 2021, men måtte dessverre sjå oss slått på målstreken i siste og avgjerande kvalifiseringskamp.  

Dette er no historie og vi retta derfor fokuset inn mot 2022-sesongen der vi skal vere med å kjempe om opprykk til OBOS-ligaen! Vi håpar derfor at du kjøper sesongkort, er med å støtta laget og blir med Hødd heile vegen tilbake til norsk Toppfotball! 

Det har blitt jobba godt i vinter med å lande eit nytt og spanande trenarteam og i tillegg har vi fått resignert fleire viktige spelarar frå 2021-sesongen. Dette er viktig!  

Vi skal derfor ha eit slagkraftig lag som skal kjempe heilt i toppen om opprykk også i år. 

SESONGKORT 2022

Sesongkortet gir deg fast plass til alle 26 heimekampane til Hødd i PostNord-ligaen og Hødd 2 i Norsk Tipping-ligaen, samt ein rekke andre sesongkortfordelar. Du er med andre ord garantert ein heil sesong med store opplevingar på Høddvoll - rett frå ditt stolsete - til beste pris!

KJØP SESONGKORT OG TA DEL I SPENNINGA PÅ STADION 

Alle som har hatt sesongkort i 2022 vil motta ein e-post/ sms frå TicketCo måndag 17. januar kl. 10.00 der ein kan fornye sesongkortet sitt. Ved å klikke på vedlagt lenkje kan ein enkelt fornye sitt sesongkort. 

JANUARSALG PÅ SESONGKORT

Frå 17. januar til 11. februar kan du sikre deg sesongkort til ein ekstra god pris! Etter denne fristen vil det bli vanlege sesongkortprisar.

Pris på sesongkort 2022 kan du sjå her!

HØDD-PRIS
Alle trenarar og lagleiarar vil i år få ein ekstra god rabatt på sesongkort på Høddvoll. Dette forutsette at du er med aktivt rundt laget enten som trenar eller lagleiar. 
 
Det vert ikkje mogleg å kjøpe sesongkort familie eller til Hødd-pris på nett eller mobil. For å få denne rabatten må du innom Høddvollhuset.
 
FORDELAR MED SESONGKORT
  • Din eigen faste plass på Høddvoll til beste pris
  • Alle 13 heimekampane til Hødd i PostNord-ligaen
  • Alle 13 heimekampane til Hødd 2 i Norsk Tipping-ligaen
  • Du unngår billettkø på kampdag
  • Forkjøpsrett på setet ditt til store kampar i NM-cupen
  • Forkjøpsrett på setet ditt til 2023-sesongen

*Din faste plass er reservert fram til og med fredag 25. februar. Etter denne datoen vil plassen din bli fristilt og gjort tilgjengeleg for andre. 

Sesongkortet er no heildigitalt og vert lagra på din mobil Wallet (iPhone) eller Passbook (Android) slik du alltid har det tilgjengeleg. Vi anbefaler også at du laster ned TicketCo appen, då du enkelt får tilgang til sesongkortet og kjøp av billettar. Ønsker du framleis plastkort kan dette også bestillast. 

DIVERSE INFORMASJON
Voksen frå fylte 16 år
Barn 6 år tom 15 år
Honnør - bevis må kunne framvisast ved kontroll
Student - studentbevis må kunne framvisast ved kontroll
Ledsager - ledsagerbevis må kunne framvisast ved kontroll
Barn under 6 år GRATIS på fanget til betalande voksen (ein må betale frå det året ein fyller 6 år)
 
SMITTEVERN
Vi ber om at alle som skal innom Høddvollhuset å kjøpe sesongkort har på seg munnbind og sprita seg med handsprit ved inngangen. Takk for hjelpa!
 
Fotball er best på stadion, så kjøp sesongkort til sesongen 2022 du også!
 
TRENGER DU HJELP?

TicketCos supportavdeling [email protected] hjelper deg med bestilling av sesongkort og tekniske problem ved bestilling og kjøp.

Ta kontakt med Hødd Fotball om du har andre spørsmål knytt til sesongkort for 2022-sesongen. Send ditt spørsmål til [email protected] eller ring oss på telefon 995 42 159 (kvardagar 09.00 - 16.00). 

 
Annonse: