SESONGKORT 2021

Fredag 15. januar kl. 12.00 kan du sikre deg sesongkort for 2021-sesongen!

SESONGKORT 2021

Vi går ein spanande sesong i møte der vi skal vere med å kjempe om opprykk til OBOS-ligaen!

Sesongkortet gir deg fast plass til alle heimekampane til Hødd i PostNord-ligaen, samt ein rekke andre sesongkortfordelar. Du er med andre ord garantert ein heil sesong med store opplevingar på Høddvoll - rett frå ditt stolsete - til beste pris!

Kjøp sesongkort her!

KJØP SESONGKORT 2021 OG TA DEL I SPENNINGA PÅ STADION 
Alle som har hatt sesongkort i 2020 vil motta ein e-post/ sms frå TicketCo fredag 15. januar kl. 12.00 der ein kan fornye sesongkortet sitt. Ved å klikke på vedlagt lenkje i e-posten kan ein enkelt fornye sitt sesongkort. 
 
RABATTERTE SESONGKORT
Frå 15. januar til 3. februar kan du sikre deg sesongkort til ein gunstig pris! Etter denne fristen vil det bli vanlege sesongkortprisar. Pris på sesongkort kan du sjå her!
 
Alle som skal ha «Sesongkort Familie» på hovudtribunen eller på Sparebanken Møre tribunen må kjøpe dette på Høddvollhuset. Det vert ikkje mogleg å kjøpe denne priskategorien via nett.
 
FORDELAR MED SESONGKORT
  • Din eigen faste plass på Høddvoll til beste pris
  • Alle 13 heimekampane på Høddvoll i PostNord-ligaen til prisen av 9
  • Du unngår billettkø
  • Forkjøpsrett på setet ditt til store kampar i NM-cupen
  • Forkjøpsrett på setet ditt til 2022-sesongen
  • Hødd-avisa (digitalt) vert sendt til deg på e-post i forkant av kvar heimekamp i PostNord-ligaen.
Fotball er best på stadion, så kjøp sesongkort til sesongen 2021 du også!
 
Sesongkortet er no heildigitalt og vert lagra på din mobil Wallet (iPhone) eller Passbook (Android) slik du alltid har det tilgjengeleg. Vi anbefaler også at du laster ned TicketCo appen, då du enkelt får tilgang til sesongkortet og kjøp av billettar. Ønsker du framleis plastkort kan dette også bestillast. Pris for plastkort er kr. 100,- pr. stk eller kr. 50,- pr. stk om du bestiller meir enn 1 sesongkort.
 
DIVERSE INFORMASJON
Voksen frå fylte 16 år
Barn 6 år tom 15 år
Honnør - bevis må kunne framvisast ved kontroll
Student - studentbevis må kunne framvisast ved kontroll
Ledsager - ledsagerbevis må kunne framvisast ved kontroll
Barn under 6 år GRATIS på fanget til betalande voksen (ein må betale frå det året ein fyller 6 år)
 
Dersom du ønsker å fristille ditt sete ta kontakt med billettansvarleg i Hødd, André A. Gardshol på telefon 99 54 21 59 eller på e-post: [email protected].
 
TRENGER DU HJELP?
TicketCos supportavdeling hjelper deg med bestilling av sesongkort og tekniske problem ved bestilling og kjøp. E-post: [email protected].
 
Ta kontakt med Hødd Fotball om du har andre spørsmål knytt til sesongkort for 2021. Send ditt spørsmål til [email protected] eller ring oss på telefon 99 54 21 59 (kvardagar 09.00 - 16.00).

 

Annonse: