
Sesongkort – haustsesong
Haustsesongen er straks i gong og komande laurdag er herrelaget tilbake i aksjon. Har ikkje du ditt eige sesongkort enno, så kan du sikre deg det no til ein god pris.
Etter dei 10 første kampane ligg Hødd i angrepsposisjon med fire poeng opp til serieleiar Kongsvinger og eitt poeng opp til Asker på andreplass. Det er med andre ord mykje å spele om utover hausten. Hødd har igjen 16 kampar, der åtte av dei går på Høddvoll. Det inkluderer også toppkampar mot dei nemnde laga over på tabellen.
For alle som ikkje har sesongkort tilbyr vi no rabatterte prisar som gjeld for dei resterande heimekampane. Sikrar du deg det denne veka, får du med deg alle dei åtte kampane på Høddvoll. Sjå prisar under.
Her kan du sikre deg rabattert sesongkort!
Prisar for haustsesongen:
Hovedtribune
Sesongkort familie 2+2 - Før 2 500 - No 1 500,-
Sesongkort familie 1+1 - Før 1 750 - No 750,-
Sesongkort vaksen - Før 1 300 - No 800,-
Sesongkort barn/honnør/student - Før 650 - No 450,-
SBM tribunen
Sesongkort familie 2+2 - Før 1600 - No 1 000,-
Sesongkort familie 1+1 - Før 1300 - No 600,-
Sesongkort vaksen - Før 1 000 - No 500,-
Sesongkort barn/honnør/student - Før 500 - No 300,-
Blåsartribuna - før 500 - No 300,-
NB! Sesongkort familie må kjøpast på kontoret på Høddvoll, då det kjem med ein tilleggsrabatt.
Allereie komande laurdag er det heimekamp igjen når vi tek imot Fløya kl. 19.30.
Vi sjåast på Høddvoll!