
Sesongfinale med nerve: Skaff deg billett til lokaloppgjeret mot AaFK
Fredag kl. 13.00 kan du sikre deg billett til lokaloppgjeret mellom Hødd og AaFK i OBOS-ligaen! Toppfotball Billettar og kampdagsinfo
Dette er kampen vi har venta på i heile år - og no skal laga igjen ut i nytt lokaloppgjer, men no på vår kjære heimebane Høddvoll!
Det er ekstrem stor pågang med folk som ønsker å sikre seg billett til dette lokaloppgjeret - og det er før billettane er lagt ut for sal.
Klubben har som mål om å slå publikumsrekorden på 3003 frå kampen mot Brann i 2015-sesongen. Kanskje kan vi klare å fylle opp stadion også for første gang?
Vi håper det blir mobilisert godt, og at alle møter opp og bidreg til ei flotte ramme rundt kampen. Det fortener eit slikt lokaloppgjer!
Billettane blir lagt ut for sal fredag kl. 13.00 på våre kanalar. Følg med - og sikre deg ein plass før det blir utselt på stadion.