Sesongen over for damelaget

Damelaget spelte søndag sin siste kamp for sesongen. Vi har teke oss ein prat med hovudtrenar Ronny Osnes for å oppsummere sesongen.

Med 4-0-tap for Volda enda Hødd på 9. plass i serien denne sesongen. Likevel står laget i divisjonen, fordi ingen skal rykke ned. Dette vart bestemt undervegs i seriespelet.

Korleis vil du oppsummere årets sesong, Ronny?

- Spesiell. Både med tanke på koronasituasjonen med dei utfordringane, og sesongen som endeleg kom igang og var over på eit blunk med enkel serie. Den var også minneverdig, sidan det var min første som hovedtrenar for eitt lag over ein heil sesong. Så her må det takkast til gode medarbeidarar i Jokke, Mads, Per-Ivar, Henning og, ikkje minst, Anja. Flotte diskusjonar med Jesper spesielt har vore viktig, men også dei andre trenarane på jentesida i klubben. Også fint med SMS’ar etter kampane frå sportslig leder Hallstein Saunes. Det viser at han bryr seg om arbeidet på jentesida i klubben.

Korleis har damene hevda seg i divisjonen i dine auge?

- Til slutt vart det litt under kva ein kanskje forventa og hadde forhåpningar om. Avslutninga av sesongen var ikkje bra nok. Men kampane og hausten gjennom har vist at vi spelemessig held godt nivå samanlikna med dei andre laga. Prestasjonane på det jamne er eg ganske fornøgd med, men poengfangsten skulle vore bedre totalt sett.

Saka held fram under bilete.

TABELLEN: Hødd enda på 9. plass.
TABELLEN: Hødd enda på 9. plass.

Plassen vert uansett beholdt til neste år. Kva betyr det for laget?

- Enormt! Det betyr ein god kamparena for eit ungt lag i god utvikling. Klubben har som eit mål å utvikle spelarar til toppnivået i Norge. Då betyr ein slik kamparena mykje, og vi kan legge til rette for at dei som har lyst til å finne ut kor gode dei kan bli, får muligheit til det vidare i Hødd.

Korleis har utviklinga vore for damene dette året?

- Eg meiner den har vore god. Det går i rykk og napp sjølvsagt, men alle har utvikla seg og tatt mykje læring. Det var nødvendig dersom vi skulle hevde oss. Dei har fått god sportslig erfaring, men også tatt god læring med tanke på det taktiske og spelestilen vi har jobba med. Spelargruppa har hatt stor tilstedeværelse på feltet, og vore svært lærevillige og trenbare. Dei har også fått lære å stå i både turbulens, når det buttar, og i medgang. Slik er fotball, så ein må handtere både godt og vondt. Men vi har ein fin kultur og den jobbar vi vidare med og utviklar, og blir litt bedre kvar dag. Det er ein kjempefin gjeng å jobbe med!

Saka held fram under bilete.

KAPTEIN: Ragnhild Ertesvåg i aksjon mot Volda.
KAPTEIN: Ragnhild Ertesvåg i aksjon mot Volda.

Laget har også vore representert på U-landslag ved Madelen. Kva seier det om utviklinga i Hødd?

- Først og fremst kjekt for Madelen, men også for klubben og medspelarane som har ein liten bit i det. Det viser for andre jenter at ein kan bli gode i Hødd med godt arbeid over tid, og også kan få spele for landet sitt som representant for Hødd. Og eg trur andre også kan det, om dei vil nok og jobbar godt.

Korleis ser resten av året ut?

- Litt fri no først, men vi er ute etter å spele fleire kampar og forlenge sesongen. Vi har nokre idear, men desse er ikkje spikra enda. Dessuten har J17 og J15 fleire kampar i sin sesong, så fleire spelarar i damestallen har fleire kampar å spele på dei arenaene.

Saka held fram under bilete.

Lagbilete etter seieren mot RBK 2.
Lagbilete etter seieren mot RBK 2.

Laget er forholdsvis ungt. Betyr det at det kan vere den same «stammen» i laget til neste år?

- Dei er det. Så det betyr at dei både har god og dårlig tid. Dei har langt utviklingsløp for å bli gode, men samtidig er damelaget ein prestasjonsarena. Eg håper vi beheld alle spelarane i damestallen, og så legge til nokre nye spelarar.

Kva tenker du om neste sesong, som sjølsagt er langt opp og fram?

- Eg tenker vi har tjuvstarta på 2022. Vi har mellom anna gitt erfaring i både trening og kamp til fleire 2006-modellar med Amanda i spissen. Det satsar vi på vil gi svolt og motivere dei yngre til god jobb framover. Eg forventar at laget og klubben utviklar seg vidare på jentesida, og at kvalitet i dei neste månadene skal gi gode prestasjonar og poeng i 2022. Eg gledar meg til det!

A-LAGET: Stallen før sesongen sparka i gang.
A-LAGET: Stallen før sesongen sparka i gang.

 

Annonse: