Sesongavslutning for Fair-ligaen Midt på Høddvoll

Hødd arrangerte sesongens siste gatelagskampar i Fair-ligaen Midt på Høddvoll førre veke.

Annonse:

Vi fekk besøk av gatelaga til Rosenborg, Ranheim, Molde, Kristiansund og AaFK. Alle laga spelte fire kampar kvar i løpet av dei to dagane. Det vart, som alltid, dagar prega av kameratskap, mykje smil, prestisje og god stemning.

I tillegg til kampane på dagtid var det fellesmiddag for dei 100 gatelagsspelarane og trenarane på Høddvollhuset. Vi fekk også med oss OBOS-ligakampen mellom Hødd og Ranheim.

Takk til Medvind avdeling Furene, som stilte i kiosken, ambulansetenesta i Ulsteinvik, som stilte opp begge dagane, SUFH for fantastisk mat og dommarane Oddbjørn Aam, Jan Erik Myklebust og Dagfinn Berg Tjervåg for innsatsen!

Kjekt at Ordførar Stian Skorgen Scheide kom innom begge dagane.

Annonse fra Obos-ligaen: