Seriestart for damelaget

Damelaget sparka i gong sesongen sist onsdag, men søndag startar endeleg seriespelet.

Søndag 14.00 reiser Hødd over fjorden for å møte Herd på Amfi Moa Stadion. Det vert laget sin første seriekamp sidan 2019, men assistenttrenar Joakim Wrele meiner damene skal vere klare.

- Vi er i god rute. Laget har trena godt og lenge. Spelarane er både engasjerte og dedikerte, så vi er veldig klare for å setje i gong på søndag, seier han.

I og med at laga ikkje har spelt altfor mange kampar siste året, så er det kanskje vanskeleg å vite heilt kvar dei har kvarandre. Derfor blei cup-kampen mot AaFK Fortuna ein god målestokk for Hødd, sjølv om det enda med tap i første runde.

- Vi veit at AaFK Fortuna er eit godt lag og dei er ein av favorittane til å rykke opp. Då er det sjølsagt fint å måle krefter med dei og sjå kvar vi står sjølve, meiner Jokke.

Søndag er det uansett Herd som står på motsett halvdel, og ikkje AaFK Fortuna. Det kan bli ein jamn kamp, ifølgje assistenttrenaren.

- Eg ser for meg to lag som har veldig lyst på tre poeng, men som kanskje har litt høge skuldrar slik det ofte er i ei seriepremiere. Det kan bli ein jamn kamp, så eg trur at det laget som senkar skuldrane vil få til mykje. Og det håper eg sjølsagt er oss, seier han.

Hødd har eit forholdsvis ungt lag, men håper dei kan hevde seg i divisjonen. Det er også noko Jokke håper.

- Vi vil ende så hødt som mogleg på tabellen. Laget består av mange gode spelarar, så vi skal prøve å sparke godt i frå oss. Å ende på øvre halvdel hadde vore kjempekjekt!, avsluttar han.

Heia Hødd!

Annonse fra Obos-ligaen: