
SERIEOPNING FOR DAMELAGET
Damelaget spelar årets første seriekamp i 2. divisjon borte mot Sunndal laurdag kl. 14.00!
Etter at Hødd damelag fikk tildelt en plass i 2. divisjon 2019 er no laget klar for årets første seriekamp borte mot Sunndal. Kampen er satt opp på gras og damelaget hadde derfor siste førebuande økt torsdag på Høddvoll gras.
Vi har tatt oss ein prat med lagets kaptein, Ragnhild Ertesvåg før serieopninga mot Sunndal.
Endeleg seriestart til helga der Sunndal ventar borte i første seriekamp på gras. Korleis trur du kampbiletet blir mot Sunndal?
- Det blir utan tvil en krigekamp frå start til slutt. Kampen går på gras, som vi ikkje har spelt så mykje på, og det vil kreve meir av oss i form av nøyaktigheit og konsentrasjon. Så det er utruleg viktig at vi er skrudd på frå start av når fløyta går. Vi skal vise at vi er der for å ta med oss tre poeng heim til Ulsteinvik!
Kor viktig blir det å få en god start på årets sesong?
- Å få en god start på sesongen er alltid viktig. Det gjer noko ekstra med motivasjonen og eg håpe denne kampen kan vise at vi skal hevde oss godt i 2. divisjon i år.
Kva kan vi forvente av årets damelag i 2. divisjon? Vil laget bite godt frå seg?
- Vi har eit relativt ungt lag i gjennomsnitt, men eg håpe vi skal bite godt frå oss. Vi må utnytte det vi er gode på og prøve å spele vårt spel. Vi må ikkje gløyme at dette er første sesongen i 2. divisjon for fleire av oss, så det er klart at vi må nok spele nokre kampar før vi ser kva nivå 2. divisjon byr på. Det blir utan tvil eit hakk opp fysisk med tanke på duellar og løpskapasitet, men vi skal køyre på frå første kamp. Vi har trua!
TROPP
Frida Jonberg, Agata Drozdzik, Andrine Nevstad, Anna Nerland Aahjem, Cecilia Bakke, Ellen Nerland Aahjem, Hannah Rekdal, Johanne Helvig, Lina Solheim Stave, Madelen Gustavsen, Oline Sundgot, Pia Brandal, Ragnhild Ertesvåg, Rebecca Eikrem Sande, Thea Ertesvåg, Vilde Sundal.
Vi ønskjer damelaget lykke til i serieopninga borte mot Sunndal!