Semifinale for G19 og G16

Hødd G19 og G16 har gjort det svært godt under årets Skaw Cup i Danmark. Begge laga er no klare for semifinale onsdag kveld!

Annonse:

G19 har feia over all motstand og vunne alle kampane så langt i turneringa. Laget vart suveren leiar i pulje A etter gruppespelet var ferdigspelt.

Gruppespel

Levanger FK - Hødd 0-2
Varhaug IL - Hødd 1-5
Hødd - Thisted FC 2-0
Hødd - FK Haugesund 3-0

Laget spelar semifinale i kveld kl. 18.40 mot Fredrikstad FK.

G16 tok seg vidare til kvartfinale etter å ha vunne ein kamp og spelt uavgjort to. Laget plasserte seg på 2. plass i pulje A bak Vejle Boldklub.

Gruppespel

Hødd - Vejle Boldklub 1-1
Fredrikstad FK - Hødd 0-1
Ullensaker/Kisa IL - Hødd 1-1

Kvartfinale

Hødd - Notodden FK 7-1

Laget spelar semifinale i kveld kl. 20.00 mot Bryne FK.

Vi ønskjer begge lag lykke til med kampane i kveld og morgondagen!

HEIA HØDD!!!

Annonse fra Obos-ligaen: