Seier mot Nardo!

Hødd vann heile 5-2 i den andre treningskampen for sesongen.

Kampen starta forrykande for Hødd sin del. Allereie etter fem minutt scora Håkon Leine sitt første for dagen etter innlegg frå Jann Benjaminsen. Berre halvanna minutt seinare kontra Hødd. Oskar Løken spelte nydelig gjennom Saunes som fann Leine foran mål. Sistnemnde kunne enkelt skli inn sitt andre for dagen og det stod 2-0 før seks minutt var spelt.

- Det er godt å endelig få spele kampar igjen, og i tillegg få opne målkontoen, kommenterer han.

Kampen roa seg litt etter det, men etter snaue 22 minutt small det. Marco og Magnus Bruun-Hanssen kolliderte, og begge vart liggande i fleire minutt, der Marco måtte bli bytta ut. Med skade på alle Hødd sine keeperar var det dermed duka for Hødd-debut for Nardo-keeper Bendik Søreng. Både Marco og Magnus enda på legevakta og måtte sy, men begge var tilbake på feltet mandag.

Ikkje lenge etter kolliderte Leine og Nardo sin keeper på motsett banehalvdel, men begge kom seg forholdsvis kjapt på beina. Nokre minutt seinare blei Løken spelt fri inne i 16-meteren og kunne setje inn 3-0 for Hødd. Assist Sverre Økland.

På overtid av første omgang varta Hødd opp med eit strålande angrep der Vebjørn Hagen fann Robin Hjelmeseth foran mål. Dermed gjekk Hødd til pause med 4-0-leiing.

*Har ikkje du sikra deg sesongkort enno? Det kan du ordne her

Hødd gjorde eitt bytte i pausa der Paul Moussinga kom inn for ein halvskadd Bruun-Hanssen. Utover i omgangen kom også Bendik Engen, Syver Skeide, Bendik Rise og Ramzi Touré inn for Hødd. Sistnemnde kom inn i det 70. minutt på offensiv corner. Jann slo nydelig inn og Ramzi scora med sitt første touch på ballen.

Like etter 5-0-målet reduserte Nardo, og mot slutten av kampen fekk dei seg endå eit mål. Seieren var likevel aldri i fare med 5-2 på resultattavla. Tomålsscorar Leine var fornøgd med kampen.

- Eg synes vi gjer ein bra kamp, og vi har ein vinnarkultur i laget. Vi er trygge, er effektive på overgangar og slepp til lite bakover.

Likevel er det nokre ting som kan forbetrast inn mot seriestarten.

- Vi må bli flinkare å tette igjen bak mot slutten av kampane, og i tillegg byggje vidare på det vi har vore gode på, seier Leine.

Neste kamp for herrelaget er på søndag mot AaFK. Generalprøva vil gå på Høddvoll og det er lov med inntil 600 tilskodarar. Meir info kjem.

Annonse: