
Sebastian Haugland klar for Hødd
Sebastian Haugland har signert ei kontrakt med Hødd ut 2026-sesongen! Foto: Trond Gausemel/ Hordalandsfotball Toppfotball
Hovudtrenar Marius Bøe seier Sebastian passa godt inn i måten Hødd spelar på.
- For å bli god i fotball krevst det dedikasjon og målretta arbeid. For denne spelaren handla det om utvikling, pluss ekstremt mange timar på treningsfeltet og i gymmen. Sebastian har gått ein veg som mange andre spelarar hadde gitt opp. Han imponerte alle då han i første halvdel av 2024 scora 18 mål for Sandviken, før han vart Åsane spelar og scora 8 mål på dei første 14 kampane i OBOS-ligaen. Fleire Eliteserie klubbar var på bana etter sesongen, men Sebastian vart verande i Åsane.
- No starta eit nytt kapittel i Sebastian si reise. Motivert og klar for å utvikle både seg sjølv og Hødd. Han kjem inn i eit godt utviklingsmiljø, der han skal vere påfyller i kvalitet og dedikasjon. Vi får ein spiss som passa perfekt inn i måten vi skal spele fotball på, og ein spelar som har vist at han kan score mål og levere gode prestasjonar på dette nivået.
- Takk til Åsane for ein god prosess rundt overgangen.
Sebastian ser fram til å utvikle seg vidare i Hødd-drakta.
- Følte dette var riktig tidspunkt for meg som spelar. Eg har hatt ei utruleg fin tid i Åsane og lært masse. Skal eg utvikle meg vidare og sjå kor god eg faktisk kan bli, trur eg Hødd og planen trenarteamet har for meg passa perfekt.
Dagleg leiar og sportssjef Jesper Törnqvist er glad for å få Sebastian på plass.
- Dei siste vekene har vi jobba målretta med å styrke alternativa våre på spissplass, og vi er svært glade for å kome til einigheit med Åsane om ein overgang for Sebastian. Sebastian er ein spelar med solid fysikk og god målteft frå OBOS-ligaen, og han passa perfekt inn i spelestilen og arbeidsmetodikken vår. Han har eit sterkt utviklingsfokus og ein tydeleg dedikasjon til å utvikle seg sjølv i samspel med laget og spelargruppa – noko som vil bidra positivt til heile laget på og utanfor bana. Vi ønsker Sebastian hjarteleg velkomen i blått, og gler oss til å følgje utviklinga til han vidare hos oss!
Vi ønsker Sebastian velkomen til Hødd!