Russen inviterast gratis til 16. mai-kampen
16. mai og fotball høyrer saman! Gjennom generasjonar har russen samla seg på tribunene dagen før nasjonaldagen, og sjølv om russetida er litt annleis frå og med i år, lever den sterke fotballtradisjonen vidare for fullt. Toppfotball Billettar og kampdagsinfo
Samlast på felt E
Vi oppmodar alle avgangselevar ved dei vidaregåande skulane på Søre Sunnmøre til å kome på kamp 16. mai og skape liv og røre på tribunene.
Vi samlar russen på felt E på hovudtribuna og gir gratis inngang til alle russ.
*Promokode for å få tilgang til gratisbillettar har blitt sendt direkte til russen.
2 034 tilskodarar sist gong
Vi må tilbake til 2015 for å finne førre gong Hødd spelte heimekamp 16. mai i OBOS-ligaen. Då vart det 4–0-siger mot Åsane framfor 2 034 tilskodarar på Høddvoll.
I fjor farga nesten 1 000 Hødd-supportarar bortefeltet blått på eit fullsett Color Line Stadion.