Ronny: - Vi utviklar spelarar til toppfotballen i Norge

Ronny Osnes før årets siste bortekamp for året.

Sesongen går mot slutten og vi spelar idag siste bortekampen. Motstander er årets vinnar i Fylkesserien. Dei har vunne med god margin, scora flest mål, har beste målforskjellen og har etter alle solemerker vore det beste laget.

Dei skal etterkvart ut i kvalifisering mot vinnaren i 3. divisjon Vestland. Kven det blir, blir avgjort idag når Brann 2 spelar mot Lyngbø. Mest sannsynlig blir opprykkskampen til 2. divisjon mellom to «andrelag». Forøvrig er Lyngbø blitt for eit student- og sunnmørslag å rekne, og mellom anna spelar der to med blåe hjerter: Mari Seljeseth Sandvik og Amalie Vik. Så reknar med Petter Are og Torben sit foran skjermen kl 16:00.

PS! Taparen i opprykkskampen får ein sjanse til til å rykke opp, så opprykk til 2. divisjon kvinner er noko for seg sjølv.

AaFK Fortuna har også rykka opp til Toppserien, så vi gratulerer med å endelig ha klart den utfordringa.

I Hødd har vi vist over fleire sesongar at vi utviklar spelarar til toppfotballen i Norge, då 9-10 spelarar har teke det steget til ambisiøse klubbar i divisjonane over oss siste 4-5 åra.  Vi har eit uformelt samarbeid med Stabæk som gjere at vi kan sende spelarar dit for å trene med gode grupper og slik kan våre beste og mest ambisiøse samle seg erfaringar, kompetanse og få ytterligare motivasjon til å ta neste steg i utviklinga si. 

I dagens kamp får fleire yngre prøve seg på vårt lag. Dei får sjansen til å vise seg fram og tjuvstarte på 2026 med å styrke aksjene sine i gruppa. Eg trur vi skal bite godt frå oss, og at det blir ein jamn og god kamp på Ratvika klokka 14:00. Det er på tide vi får marginane med oss i desse interne kampane i 2025, spesielt etter å ha tapt sigeren på overtid på heimebane sist. Vi satsar på ein god prestasjon og poenga med i bagen over fjorden idag.

Annonse fra Obos-ligaen: