
Ronny: - Vi er i godt rute
Vi har tatt oss ein prat med Ronny Osnes før serieopninga borte mot Kristiansund BK. A-lag damer
Larudag serieopnar damelaget borte mot Kristiansund BK, og Ronny seier laget er godt i rute til seriestart!
- Endelig vår, syng Blåsarane. Seriestart borte mot KBK. Vi er i god trute og kan vere fornøgde både med resultat og prestasjon i treningskampane inn mot seriestarten. Dette blir også den første av to bortekamper mot KBK denne sesongen, sidan vi skal spele trippelserie.
- Bortekampen i fjor syns vi var sterkt prega av ett fysisk godt lag, taklingar i over streken og tidvis godt spel inni mellom. Det enda med 1-2 tap, men ei kjensle av at vi kunne tatt med poenga heim. Sannsynligvis er det eit revansjesugent Høddlag med tanke på den kampen, som vil ha poenga med heim i bussen. Og det tenker eg det er gode sjanser for. Vi må framstå som den beste utgåva av oss sjøl, og ha fokus vårt spel.
- KBK har mista nokre gode spelarar, men har også putta på nokre spelarar frå blant anna Molde som har kome til. Dei har gode enkeltspelarar som vi må ha eit lite hensyn til – men sjølvsagt skal dei ta meir hensyn til oss denne kampen. KBK har nytt trenerteam denne sesongen så nokre endringar må vi forvente.
Etter kampen mot KBK reiser laget til Tyrkia på treningsleir, og Ronny håper treningsleiren gir både sportsleg og sosialt utbytte også i år.
- Når denne kampen er unnagjort, så rettar vi fokus mot treningsleir i Tyrkia (det er noko rart med å ha treningsleir etter seriestart...), og satsar på det vil gi oss like mykje som i fjor både sportsleg og sosialt. Men først tur til Baillsund for å hente poeng!
Første heimekamp for laget er heime mot Volda 24. april.
Vi ønsker laget masse lykke til mot KBK!