
Ronny: - Klare for ei skikkelig batalje
Ronny før bortekampen mot AaFK Fortuna 2. A-lag damer
Vi har vore i ein god stim i det siste med gode prestasjonar, som har gitt oss god poengfangst. Denne runda skal vi teste oss mot AaFK Fortuna – som er ein av favorittane i avdelinga, og som er ubesigra så langt. Det har vi tenkt å gjere noko med!
Gruppa har godt humør og vi har spelarar i form. Vi har budd oss gjennom ei god treningsveke, og er klare for ei skikkelig batalje på Ratvika laurdag. Då vil det handle om å skape problem for kvarandre, og vi tenker å vere ekle i forsvarsspelet og entusiastiske framover.
Denne kampen innleier ei hektisk kampperiode for oss med mange kampar dei komande tre vekene. Så her får vi gi gass på kampane, restituere og trene godt mellom slaga – og gå for gull kvar gang dommaren bles igang kampane.