
Ronny: - Kan forvente ein fartsfylt og spennande kamp
Ronny seier det kan bli ein fartsfylt og spennande kamp mot Blindheim onsdag kveld. A-lag damer
Onsdag spelar vi fjerde seriekamp heime mot Blindheim. Blindheim har hatt ein flying start med tre seiere og eit knepent tap mot AAFK, og dei har scora mykje mål. Så her er det mogleg med ein fartsfylt kamp.
Vi spelte ein svært god kamp borte mot Molde sist. Eg var svært fornøgd med måten vi framstod på, både spelemessig og ikkje minst korleis vi kontrollerte kampen – både offensivt og defensivt.
Det blir sjølvsagt ein viktig kamp, og forventningane blir at det blir ein jamn kamp der begge laga har ønske om å ville ha, og bruke ballen mest mogleg. Vi har ikkje spelt mot Blindheim denne sesongen, men i fjorårskampane var det jamne oppgjer der vi bikka kampane til vår favør. Så vi må forvente at det blir jamnt også denne kampen og at marginane kan avgjere.
Sidan sjansen er gode for ein fartsfylt og spennane kamp, så oppmodar eg flest mogleg tek turen for å få denne med seg og for å støtte oss i kampen om dei tre poenga.