Ronny: - Ein revansjesugen gjeng

Ronny seier det ein revansjesugen gjeng som stiller til bortekamp mot Molde FK søndag.

Vi er klare for tredje seriekampen for våren. Denne gangen borte mot Molde. Vi som gruppe skal ut og revansjere det forsmedelege heimetapet mot Volda sist. Det var ein kamp og ein prestasjon vi ikkje kan vere fornøgde med.

Molde er 1-1-1 etter tre kamper: 1-3 tap mot Volda, 5-1 seier mot KBK og 1-1 mot Herd. Det er alltid utfordrande å vite kva spelarar som blir tatt ut til lag som Molde 2 og AaFK 2. Molde har så langt stilt yngre lag i dei tre første kampane, enn dei til dømes gjorde mot oss i fjorårssesongen. Når det er nemnt skal vi ha fokus på det vi kan gjere noko med – oss sjølve.

Vi har gjort nokre justeringar på treningsfeltet, tatt eit steg tilbake og jobba med måten vi kan og skal stå fram på. Dette skal vi sjå igjen på kamp også. Det har vore eit par veker sidan førre kamp, og vi har hatt noko småsjuke gåande. Samstundes har dette opphaldet mellom kampane gitt skada spelarar tid til å nærme seg kampklare igjen. Så får vi sjå i kva grad desse blir involverte mot Molde no i helga.

Det skal i alle fall vere ein revansjesugen gjeng som stiller til kamp, og klare for å kjempe til seg poeng i bussen med heim!

Annonse fra Obos-ligaen: