Robin: - Vi må ta kamp for kamp!

Hødd gjekk på sitt første tap på 14 kampar sist helg borte mot Vard i Haugesund. Det var også første gong i år at Hødd ikkje fekk nettkjenning og vi har tatt ein prat med toppscorar Robin Hjelmeseth (10 seriemål så langt).

*Denne artikkelen vart først publisert i Hødd avisa 12.09.2024.

Korleis ser du på resten av sesongen no, med seks kampar igjen? 

- Eg ser på dette som seks moglegheiter for oss til å halde fram med å utvikle oss som gruppe og lag. Det har vore ei fin reise så langt i år, men no gjeld det å stå løpet og ta kamp for kamp. Vi jaktar heile tida på gode prestasjonar og det må vere målet også no i innspurten, seier Robin.

Første tapet på 14 kampar kom i helga på ei smal grasbane i Haugesund. Korleis vil laget løfte seg igjen, trur du?

- Ja, bana var smal og naturgras er annleis enn kunstgras. Når det er sagt så gjorde starten på kampen det vanskeleg for oss denne gongen. (1-0 etter eit minutt og 2-0 etter eit kvarter. Red.anm)

- Eg trur dette tapet kan ha gjort oss godt. Vi får ei påminning om at ein må vere "på stasjonenª frå første spark, og vi er ein revansjelysten gjeng. Dette vil garantert gjere oss meir skjerpa! Gode lag slår alltid tilbake etter eit tap, og då blir det opp til oss å få til ein god prestasjon mot et lag i form (Notodden). 

Robin Hjelmeseth sikker frå straffemerket mot Ørn Horten!
Robin Hjelmeseth sikker frå straffemerket mot Ørn Horten!

Du nærmar deg 300 kampar og gullklokke, så du må vel nesten berre fortsette?

- Hehe! Ja, det hadde vore stort å kunne runde 300 kampar. (Robin har 283 kampar før helga) Eg håper eg klarer det. Det hadde vore ein fin milepel. Fotball er det gøyaste eg veit og eg satsar på at eg har mange år igjen. 

Kva er den viktigaste grunnen til at det har vore ein så god sesong til no?

- Eg trur den viktigaste grunnen er at vi har ei svært spesiell gruppe. Det er eit samhald eg ikkje har vore borti så langt i karrieren. Rett og slett unikt! Det er gruppa som har tatt oss dit vi har kome pr i dag. Vi har veldig mange unge spelarar på veg opp og fram som ønsker å bli betre, og vi har nokre litt eldre med dei same ambisjonane. Felles er at vi alle dreg i same retning og vi har hatt ei kjempestor utvikling frå vi starta. Vi jobbar etter enkle prinsipp som er lett å sjå igjen frå trening til kamp og vi kan heile tida evaluere oss på dette og utvikle oss vidare. Trenarteamet skal også ha mykje ros for å halde gruppa konsentrert og fokusert, med eit enormt fokus på å forbetre oss som individ og som lag - kvar dag.

Vi ønsker Robin og laget lukke til i kampen mot Notodden!

 

Annonse: