ROBIN TILBAKE I HØDD-DRAKTA

Robin Shroot er tilbake i Hødd-drakta og har signert ei toårs-kontrakt med klubben!

Vi kan endeleg bekrefte at Robin er tilbake i Hødd-drakta igjen. Han har signert ei toårs-kontrakt med klubben.

Dette er den tredje perioden som Hødd-spelar. Er det godt å kome heim? 

- Ja, heilt klart! Eg har alltid sagt at dette er klubben i mitt hjerte og det å ha på meg Hødd-drakta å spele for klubben igjen er noko eg sett veldig høgt. 

Kva kan vi forvente av deg denne sesongen?

- Som ein av dei eldre spelarane på laget håper eg å inspirere og påverke dei rundt meg til å ta nye steg både på og utanfor bana. Eg håper sjølvsagt å gjere det bra på bana sjølv, men eg ønskjer også å vere med på å skape eit godt miljø i spelargruppa no når klubben er i gang med å bygge eit nytt og slagkraftig lag igjen. Dette håper eg å bidra med.

Du var også aktiv som trenar sist du var her, spesielt i jente og damefotballen. Er dette noko du vil fortsette med no når du er tilbake i klubben?

- Selvfølgelig. Det var heilt klart ein av grunnane for at eg valte å kome tilbake til klubben. Det å jobbe på feltet på kveldstid med jentene var heilt spesielt for meg sist eg var her og håper eg kan bidra så mykje eg kan i tida framover.

Sportssjef Andrè Nevstad seier dette i ein kommentar:

- Det er kjekt å ha Robin tilbake, han vil tilføre troppa både erfaring og kvalitet. Robin har ein lidenskap til fotball litt utanom det vanlige, og skal som tidlegare bidra i klubben både som spelar og trenar.
Har hatt mange, lange og interessante samtalar med han og opplever Robin som ekstremt motivert, glad for å vere tilbake i Hødd og Ulsteinvik - og han blir ein viktig mann når vi no skal bygge eit litt nytt og sterkt Hødd-lag. Robin veit også kvar målet står, noko han har vist oss tidlegare. Han har signert ein avtale ut 2020, avsluttar Nevstad.

Vi ønskjer Robin velkomen tilbake i Hødd-drakta!

Annonse: