ROBIN SHROOT PÅ UTLÅN TIL BRATTVÅG FOTBALL

Robin Shroot på utlån til Brattvåg Fotball.

Hødd Fotball og Brattvåg Fotball har i dag blitt einig om ein utlånsavtale for Robin Shroot. Robin Shroot har kontrakt med Hødd ut november 2020, og utlånsavtalen er gjeldande ut denne perioden.

Brattvåg Fotball tok kontakt med Hødd Fotball med førespurnad om ein utlånsavtale. For Hødd Fotball har det vore viktig å gå i dialog med Robin for å få til best mogleg løysing for alle partar. Hødd Fotball har arbeidd for å få til ei løysing der Robin framleis kunne halde fram som dametrenar i Hødd. Dette har vi dessverre ikkje lukkast med fordi Brattvåg av sportsleg grunnar vil at Robin skal bu i Brattvåg.
Vi er difor i full gang med å legge ny kabal for trenarar til damelaget vårt.
Vi meiner at utlånsavtalen med Brattvåg Fotball er ei god løysing både for Robin sjølv og Hødd Fotball.

Hødd Fotball vil takke Robin for den innsatsen han har lagt ned i Hødd, både som spelar og som trenar. Vi ynskjer han lykke til i Brattvåg.

For styret i Hødd Fotball

Kari Mette Sundgot
styreleiar

Annonse fra Obos-ligaen: