Rise og Alme på langtidskontrakter
Bendik Rise og Ole Monrad Alme har signert for tre nye år i Hødd.
- Det er kjekt at vi har fått signert unge, lokale og fremadstormande spelarar på langtidskontrakter i Hødd, seier fungerande sportssjef Andrè Skotheim i ein kommentar.
Bendik Rise har fått sitt gjennombrot på A-laget denne sesongen, og blitt ein nøkkelspelar i Hødd på kort tid. Det har så langt i år blitt 21 seriekampar for midtbanespelaren, som også har levert fem seriescoringar. Mange av dei kunststykker med sin slepne venstrefot. 19-åringen frå Ulsteinvik har spelt for Hødd i heile karriera.
Ole Monrad Alme har tatt over som førstekeeper i Hødd i haust, og levert godt i dei 11 seriekampane han har stått i år. 20-åringen frå Brandal blir sett på som ein særs lovande keeper, og er venta å gå i fotspora til dei mange solide sisteskansane Hødd har hatt siste åra.