Rekruttlaget møter Bergsøy

Både rekruttlaget og G15 skal i aksjon i helga.

Hødd 2 - Bergsøy

Rekruttlaget møter Bergsøy på Høddvoll fredag kl. 18.30

Hødd 2 har tre poeng etter tre kampar i årets 4. divisjon, og trenar Matt Saunders ventar seg ein ny, jamn kamp:

- Eg trur det blir ein tøff kamp som vi skal ut og angripe. Vi kjem truleg til å ha mykje ball, og så håpar eg at vi klarar å skape meir enn vi har gjort i det siste. Eg trur vi møter eit Bergsøy-lag som legg seg lågt, så kampen blir nok ikkje så ulik den vi hadde sist mot Spjelkavik 2.

Hødd - Rosenborg

Hødd G15 Nasjonal møter Rosenborg i Volda søndag kl. 15.30. Laga møttest i seriestarten, og då vann heimelaget 2-0 i Trondheim. Hødd har fire poeng etter fem kampar, medan Rosenborg står med full pott.

Trenar Christer Johansen seier følgjande før kampen:

- Eg håpar på ein god fotballkamp, der vi viser endå meir guts i spelet vårt enn sist mot Kristiansund. Vi må vere litt råare på å ta ut mann, ha gode avstandar i laget og vere modige med ballen. Elles går det i å gjenskape mykje av det vi gjorde i ein bra bortekamp mot Rosenborg.

Annonse fra Obos-ligaen: