
Rekrutt vann 3-1 mot Åram/Vankam
Årets første treningskamp for rekruttlaget enda i siger.
Hødd 2 stilte eit særs ungt lag mot Åram/Vankam, som kom på 2. plass i 5. divisjon i fjor.
Tre guttespelarar gjorde sin debut for Hødd 2. Stillinga til pause var 1-1, men to scoringar i første halvdel av 2. omgang ga dei blåkvite ein tomålssiger.
For Hødd 2 scora Petter Worren Haddal, Sindre Kleiven og Bam Hide.
Dermed ein fin start for rekruttlaget og deira nye trenarteam.