Seriestart for Hødd 2 - UTSETT

Fredag 18.30 brakar det laust for Hødd 2 i fjerde divisjon. Vi har tatt oss ein prat med hovudtrenar Mikkel Bjørnstad i anledninga.

KAMPEN SOM SKULLE BLI SPELT FREDAG KVELD ER UTSETT GRUNNA KARANTENETILFELLER. NYTT TIDSPUNKT KJEM SEINARE.

Endelig seriestart - korleis kjennest det?

- Det kjennest veldig bra, og det kjem ikkje eit sekund for tidlig etter mi meining. Så gutane er veldig klare for å spele teljande kampar igjen. Å spele om poeng ligg i fotballens natur. 

Mange av spelarane dine er forholdsvis urutinerte på A-lagsnivå. Korleis vil dei takle det?

- Dette er litt av utdanninga deira for å kunne bli gode A-lagsspelarar i framtida. Det å konkurrere på seniornivå både fysisk, men også taktisk er god læring. Ofte kan yngre lag vere dominerande i banespelet, men likevel slite med å få med seg poeng mot meir rutinerte lag. Så mykje handlar om at unge spelarar skal få treninga på overgangen mellom aldersbestemt og seniorfotball, for det er en stor forskjell. Korleis dei taklar det, skal dei få hausten til å vise. 

Dette blir også din første kamp som trenar for Hødd 2 i seriespel, så det blir nytt også for deg. Korleis vil du og laget ditt vil hevde seg i divisjonen?

- Det er vanskelig å seie korleis vi står mot dei andre laga i avdelinga, men det har sett bra ut i treningskampane. Så er det likevel litt annleis når det skal spelast om poeng. 

Saka held fram under biletet.

Rekruttane i aksjon mot Hareid. (FOTO: Arne Flatin)
Rekruttane i aksjon mot Hareid. (FOTO: Arne Flatin)

Dokke har spelt treningskampar mot Hareid og Larsnes/Gursken - kva har dei vist deg?

- Begge kampane har vist at vi har eit bra toppnivå, der vi kan dominere kampar dersom vi får dei i vårt spor, og spelar på våre styrkar.

Eit «andrelag» kan som regel ha med A-spelarar til kampane. Kva er planen for den komande sesongen?

- Det må vi ta litt frå kamp til kamp der vi vurderer kvar enkelt spelar sitt behov. Når A-laget har eit tett kampprogram, og vi har kamp på ein fredag, så må nok rekruttlaget belage seg på å klare seg utan mange A-lagsspelarar. Men dette vil som sagt bli ei vurdering utover hausten. 

Emblem på fredag. Kva forventar du av den kampen?

- Det er vanskelig å seie kvar Emblem ligg i løypa, men vi kjem til å ha fokus på oss sjølve, og vi ønskar å gå ut for å spille vårt spill på heimebane.

Hødd 2 – Emblem går på Høddvoll fredag 18.30.
Publikum er sjølsagt velkomen til kamp, men vi minner at vi framleis har korona-reglar på Høddvoll.

Velkomen til kamp!

Annonse fra Obos-ligaen: