
Rekrutt og G15 i aksjon
Både rekruttlaget og G15 spelar heimekamp på Høddvoll søndag! Møreakademiet Hødd 2
Rekruttlaget har serieopning i 4. divisjon når dei møter Rollon på Høddvoll søndag kl. 15.30.
Det er ein kamp mellom to antatt topplag i divisjonen. Det er kjekk start for oss å starte mot god motstand, og vi trur på ein jamn kamp, seier assistenttrenar Benjamin Soløy Kaldhol.
Tidlegare på dag, kl. 13.30, møter Hødd G15 Nasjonal Kristiansund på Høddvoll.
Hødd G15 Nasjonal besøkte Rosenborg førre helg, i ein kamp som enda 2-0 til heimelaget.
Det var artig å reise til Trondheim å bevise at vi har der noko å gjere, og at vi kan hamle opp med ein av Noregs beste akademi.
Kristiansund blir spennande. Litt anna motstand. Vi har møtt dei før, og har trua på siger. Vi trur det blir ein bra kamp, seier trenar Christer Johansen.