
Rekordpåmelding til årets Tare Cup
Vi ser fram til å ønske alle lag velkomne til Sparebanken Møre Arena når Tare Cup blir arrangert 11.- 12. november!
I samarbeid med Generalsponsor Sparebanken Møre ønsker vi liten og stor velkomne til fotballfest i Sparebanken Møre Arena i Ålesund. Det er i år også rekordpåmelding til årets Tare Cup.
Ca. 2 500 spelarar fordelt på 311 lag frå 53 klubbar skal i aksjon denne helga.
- Vi ønsker å takke alle klubbar og lag som har meldt seg på årets Tare Cup. Veldig gledeleg med rekordpåmelding nok eit år. 589 kampar skal gjennomførast fordelt på laurdag og søndag.
- Det er også venta rundt 15 000 personar i hallen denne helga. Veldig kjekt for oss som arrangør å legge til rette for så stor aktivitet for så mange barn, seier turneringsansvarleg André Aurvåg Gardshol i IL Hødd Fotball.
Alle lag vil få minimum 3 kampar under turneringa. For klassene G06 og G07 som spelar 3-ar fotball vil det bli spelt minimum 5 kampar, men med litt kortare speletid enn i dei andre klassene.
Mellom kampane kan spelarar og tilskodarar kjøpe seg mat og drikke frå fleire kioskar inne i hallen, så alt er lagt til rette for to spennande dagar.
- Kampar laurdag 09.00 – 20.00
- Kampar søndag 08.30 – 19.00
- Intersport stand med flotte Puma produkt
- Kiosk
- Premieutdeling på scena
- Flotte premiar frå Hødd og Sparebanken Møre
I tillegg til alt som skjer i hallen, så vil også vår trufaste maskot Tare vere til stades under turneringa.
