Puma forlenga hovudsponsoravtalen med to nye år

Puma aukar avtaleverdien og forlenga samtidig hovudsponsoravtalen med Hødd Fotball i to nye år. Avtalen strekkjer seg derfor ut 2028-sesongen.

Marknad- og medieansvarleg i Hødd Fotball, André Aurvåg Gardshol er godt fornøgde med avtalen som Puma og Hødd Fotball no er einige om.

- Puma kom inn som ny hovudsponsor og utstyrsleverandør i 2021 og klubben er veldig fornøgde med den kvaliteten som Puma leverer. Vi tenker derfor det er naturleg å forlenge avtalen med to nye år. Etter opprykket auka også marknadsverdien og vi har derfor også blitt einige om ei større totalramme som gjelder frå 2023-sesongen og dei komande åra. Tusen takk til Puma for god dialog og ein god prosess!

Mats Berg, Teamsales Manager – Puma:

- Vi i Puma er stolte over å få vere på lag med ein klubb som Hødd Fotball. Vi er derfor kjempefornøgde med at vi no er skreve ein forlenging av samarbeidsavtalen og gleda oss til å jobbe saman med alle dei herlege folka i Ulsteinvik i mange år framover. Hødd Fotball er ein veldig viktig og heilt riktig samarbeidspartnar i Pumas satsing på teamsport i åra framover. Hødd Fotball vil vere ein viktig referanseklubb i vårt arbeid, og vi gleda oss til å sjå kva dei neste åra vil bringe.

Annonse: