
Profflaurdag - Hødd G11
I helga gjennomførte Hødd sitt G11-lag "Profflaurdag". Ein innhaldsrik og kjekke dag på Høddvoll!
I forkant av kampen mellom Hødd og Jerv gjennomførte Hødd G11 "Profflaurdag".
Dagen var innhaldsrik og hadde eit godt program der ein fekk eit innsyn i det å vere fotballproff, og kva det inneberer.
A-lagsspelar Torbjørn Kallevåg kom også på besøk og fortalte om eiga karriere og vegen han har hatt til profflivet, og viktigheita av riktig mat og masse søvn for å utvikle seg som fotballspelar.
I tillegg til spelarbesøket til Torbjørn fekk også G11 besøke garderoben før kampen mot Jerv.
Eit flott tiltak av foreldregruppa til laget!










