
PREVIEW: VÅLERENGA 2 - HØDD
Laurdag kl. 16.00 er det duka for nok ein viktig kamp i PostNord-ligaen. Vi reiser til Oslo og Intility Arena på tokt etter 3 poeng!
Om Vålerenga 2
Rekruttlaget Vålerenga 2 har vore i 2. divisjon i over 12 sesongar på rad. Dei er altså eit stabilt lag, der blandinga av unggutar og a-lagsspelarar som må kome seg i form har vore oppskrifta. I fjorårets sesong enda dei på 11. plass, altså plassen over den berykta ”streken”. Dei hamna dermed fem plassar bak Hødd og enda med 13 poeng mindre i den andre 2. divisjons-avdelinga, så det er enkelt å sjå kven som var det beste laget av dei to i 2017. Vålerenga 2 scora 28 og slapp inn 52 mål, noko som eigentleg er ”nedrykkstal”. Som sagt tidlegare er Vålerenga sitt andrelag ei god blanding. Flesteparten er rekruttspelarar, og elles er det a-lagsspelarar som kjem inn dersom dei treng kamptrening. Det kan m.a.o. vere litt vanskeleg å førehalde seg til for både dei sjølve og motstandarane.
Mange har tippa Vålerenga 2 til å ende litt under midten av tabellen, men fortsatt over nedrykksstreken, også denne sesongen. Dette har etter kvart som sesongen har utvikla seg, vist seg å vere eit ganske nøyaktig tips. Akkurat no ligg dei på ein 10. plass og har berre 2 poeng ned til nedrykksplass. Dei scorar svært mange mål til å ligge så langt nede på tabellen (31 mål), men slepp også inn mest bakover (36 mål). Målforskjellen deira blir dermed -5. Det kan m.a.o. bli ein svært målrik kamp på laurdag. Dei siste 5 kampane har vore av delt kvalitet, ettersom 2 kampar har blitt vunne, 2 kampar har blitt tapt, og 1 kamp enda uavgjort. Dei er altså i ei heilt grei form. Dei tapte 2-1 borte mot Brattvåg førre helg, og vil dermed vere revansjelystne på siger.
Spelarprofilar på VIF 2

Lagoppstillinga er ekstremt vanskeleg å tippe, ettersom laget har frykteleg mange spelarar å velje mellom. Førstelaget spelar også heimekamp mot Brann søndag og det er trulig færre enn normalt frå a-stallen som er med i denne kampen. VIF har hatt mange førstelagsspelarar innom i det siste, og ein veit aldri når dei blir tatt opp igjen til kamptroppa til a-laget. I mål finn vi Kristoffer Klaesson, som kanskje er den mest sikre til å starte denne kampen. Han er ein ekte Vålerenga-gut som har gått gradene i klubben, og bankar på førstelagsdøra. Ein svært god keeper m.a.o. Heile backlinja er juniorspelarar med ei lysande framtid. Backane Levernes og Grimstad er begge solide defensivt, og kan slå gode innlegg. Midtstopparane Cornic og Borchgrevink er også lovande spelarar, men dei manglar litt fysikk og størrelse. Dei er gode til å frakte ballen framover i bana og er fintspelande, men vi bør utnytte at heile laget, ikkje berre forsvaret, manglar litt på fysikken.
På midtbana finn vi nok ei god blanding av junior- og førstelagsspelarar. Ulrik Mathisen held fortsatt junioralder og er ein typisk boks-til-boks-spelar. Samuel Fridjonsson og Felix Horn Myhre har begge spelt litt for førstelaget og er svært gode spelarar på dette nivået. Det er dette som er faren ved å møte reservelag, nemleg at førstelagsspelarar er med i nokre av kampane – noko som gjer ein gigantisk forskjell. Framme på bana finn vi to driblesterke vingar i Dønnum og Ogudugu. Dei kan fôre ein av avdelingas fire toppscorarar, nemleg Sander Werni på topp. Han har hittil scora imponerande 11 mål på eit lag som er med i botnen. Det er svært sterkt! De hugsar kanskje at han scora på Høddvoll? Ja, han må definitivt passast på.
Om kampen
Dette er ein meir interessant kamp enn mange kanskje trur det er. Vålerenga sitt førstelag har mange spelarar i stallen, og har ikkje plass til alle. Dette gjer naturlegvis at dei får spele på reservelaget, noko som ikkje er bra for motstandarane deira. I denne kampen forventar vi eit yngre lag enn normalt ettersom førstelaget spelar dager etter. VIF 2 kjem uansett til å vere sugne på å kome tilbake på sigerssporet, og det blir derfor ingen enkel kamp.
Vi har vunne dei tre siste kampane og er i god form før møtet med VIF 2. I denne kampen blir det viktig å utnytte det at Vålerenga 2 er det laget som slepp inn mest mål, og at dei ikkje har like god fysikk som oss. Det er nemleg eit lag som kan å spele fotball langs bakken, så vi må utnytte svakheitene deira. Dette blir fort ein vanskelegare kamp enn det tabellen tilseier (1. mot 10. plass). Vi satsar på at laget held fram med si gode form og viser kvifor vi skal rykkje opp denne sesongen. Køyr på, Hødd!
Slik gjekk det sist vi møtte VIF 2
Videoen er ikke tilgjengelig.
Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?
Vi håper dei som er i området tek turen på kamp å støttar dei blåkvite til 3 poeng!
Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet.
|
Spelt S | Vunne V | Uavgjort U | Tap T | + | - | +/- | Poeng P | Form | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Lillestrøm Lillestrøm | 13 | 8 | 5 | 0 | 28 | 7 | 21 | 29 | V U U V U |
2 | Start Start | 13 | 7 | 4 | 2 | 26 | 15 | 11 | 25 | V U V V U |
3 | Kongsvinger Kongsvinger | 13 | 6 | 4 | 3 | 30 | 18 | 12 | 22 | U V V U U |
4 | Sogndal Sogndal | 13 | 6 | 2 | 5 | 24 | 20 | 4 | 20 | U T V T U |
5 | Egersund Egersund | 12 | 6 | 2 | 4 | 24 | 20 | 4 | 20 | T T V U V |
6 | Odd Odd | 13 | 5 | 4 | 4 | 18 | 16 | 2 | 19 | V U U T U |
7 | Ranheim TF Ranheim TF | 13 | 6 | 1 | 6 | 18 | 22 | -4 | 19 | V V T T V |
8 | Aalesund Aalesund | 12 | 4 | 6 | 2 | 17 | 15 | 2 | 18 | T U T V U |
9 | Hødd Hødd | 13 | 5 | 3 | 5 | 17 | 22 | -5 | 18 | U U T T V |
10 | Raufoss Raufoss | 13 | 4 | 6 | 3 | 23 | 19 | 4 | 17 | U U T V U |
11 | Åsane Åsane | 13 | 4 | 4 | 5 | 16 | 19 | -3 | 16 | T V U V T |
12 | Moss Moss | 13 | 5 | 1 | 7 | 20 | 29 | -9 | 16 | T U V T T |
13 | Lyn Lyn | 13 | 4 | 2 | 7 | 15 | 18 | -3 | 14 | T U V V V |
14 | Stabæk Stabæk | 13 | 3 | 4 | 6 | 17 | 24 | -7 | 13 | U U T T T |
15 | Skeid Skeid | 13 | 1 | 4 | 8 | 17 | 27 | -10 | 7 | U T T V U |
16 | Mjøndalen Mjøndalen | 13 | 1 | 4 | 8 | 14 | 33 | -19 | 7 | V U U T T |
KAMPFAKTA
-
POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2
-
INTILITY ARENA
-
25.08.2018 KL. 16:00